Det er 80 km/t gjennom Liafjellstunellen og forbode for fotgjengarar.
Det er 80 km/t gjennom Liafjellstunellen og forbode for fotgjengarar.

Rusa mann i Liafjellstunellen

Mannen spaserte langs tunellveggen i 80-sona.

Lensmann Oddbjørn Dyrdal fortel at bilistane opplevde det ubehageleg å oppdaga ein fotgjengar inne i tunellen klokka 3 om natta.

- På den tida er det ikkje så mykje biltrafikk heldigvis, og det var ingen som måtte bråbremsa. Men det er forbode å opphalda seg i ein tunell utan fotgjengarfelt, seier Dyrdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mannen var berusa og vart framstilt for helsevesenet for blodprøve.