Å byggja så tett som illustrasjonen frå Tysseland Arkitektur AS viser, sa politikarane nei til.
Å byggja så tett som illustrasjonen frå Tysseland Arkitektur AS viser, sa politikarane nei til.

Sa ja til redusert utgåve

Politikarane sette tydelege vilkår for ei eventuell utbygging på Hjelle.

Bjørn Døsen Utvikling planla først å etablera eitbyggjefelt med om lag 34 husvære på ei mindre tomt på Hjelle. Fleirenaboar var usamde i det dei såg som eit for massiv utbygging, og fekk i stand ei underskriftskampanje. Under dagens synfaring på tomta vart lister med underskrifter overlevert til kommunen.

- Må lytta til dei som bur der

Då saka vart behandla i møte, tok Harald Lekven (Sp) først ordet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Her må me lytta til dei som faktisk bur i området. Det seier seg sjølv. Ingen av dei er imot bygging på tomta, men då må det skje i tråd med byggjeskikken og byggjevolumet i området, sa Lekven.

Trine Lindborg (Ap) la til at ho hadde blitt ganske overraska då ho såg den vesle tomta dei 34 husværa skulle skvisast inn på.

- At ein kan byggja noko så stort på eit så lite område kan ikkje eg sjå er mogleg. Det skurrar for meg.

Partifelle Harald Døsen la til at han tykte det var litt trasig at det gamle fine huset som eit miljøskapande element skal forsvinna.

- Med så mykje folk og nye hus over alt er det fint å ha eit slikt område med eit gamalt hus og litt miljø rundt det, meinte han.

Frp/H med rekkefølgjekrav

Frp/H var på linje med opposisjonen i saka, og ønskte å redusera utnyttingsgraden på tomta til maks 40 prosent. Samtidig såg dei eit redusert prosjekt som eit høve til å få betre trafikksikring i området, og ville difor seia ja til oppstart.

- Me må kunna leggja inn at det skal opparbeidast fortau. Dette er tida for å få på plass betre trafikksikring. Så får tiltakshavar sjå kor langt det er råd å koma i den retninga, sa Gustav Bahus.

Frp/H sette fortau som rekkjefølgjekrav. Med andre ord kan det ikkje startast bygging før det er på plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fem krav

Det vart også semje om ei rekkje andre føresegner:

1. Grad av utnytting skal ikkje overstiga 40 prosent av planens areal.

2. Det skal innarbeidast rekkefølgjekrav om fortau langs Borgavegen til Hegglandsdalsvegen, og fortau langs Hjellevegen ned til Borgavegen.

3. Utforming av volum og plassering av bustadblokkene bør betre harmonisera med kringliggjande utbygging.

4. Kvalitet i uteopphaldsareal må dokumenterast i illustrasjonsplan og vera tilpassa forventa brukarar.

5. Privat avtale om vegtilkomst må vera på plass.

Desse vart samrøystes vedteke. Under føresetnadene over kan det dermed startast opp arbeid med planen.

Protokollmerknad frå Frp

Espen Aspenes (Frp) ønskte å ha med ein protokollmerknad til vedtaket. Denne gjekk ut på at Os kommune skal ta initiativ til ei forskotteringsordning som tek sikte på å få etablert fortau frå Hegglandsdalskrysset til Valla bru.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette står alt i dag høgt på kommunen si prioriteringsliste. Får me alt dette på plass vil me ha ein trygg veg heilt inn i området. Ein slik protokollmerknad kan vera med å løfta det opp att, sa Aspenes.

Ein protokollmerknad er ikkje noko ein utbyggjar blir pålagt, men noko politikarane likevel ønskjer å gje uttrykk for.

Protokollmerknaden vart også samrøystes vedteken.