Børge Haugsdal vert Ruben Hetleviks assistentrenar i Lysekloster IL.
Børge Haugsdal vert Ruben Hetleviks assistentrenar i Lysekloster IL.

Sandal-kompis inn som ny assistentrenar

Fredag kveld vart Børge Haugsdal presentert som ny assistenttrenar for A-laget til Lysekloster IL. Ruben Hetleviks ferske assistent vart tilrådd klubben av Thomas Sandal.

- Me er svært godt nøgd med å få Børge med i trenar-teamet. Han har solid og kompetanse både som trenar og organisator i innafor arbeid med lag og idrettslag. Me trur me kan få glede av fleire av hans gode kvalitetar, seier sportssjef i Lysekloster IL, Svein Kollen.

Børge Borgen har dei siste åra jobba som dagleg leiar i Gneist IL, men har også god erfaring som spelar og trenar. Som aktiv spelte han for ei rekkje Bergens-klubbar, mellom anna Os Turn i 1997 og 1998. Som trenar har han også vore ein ressurs for Hordaland Fotballkrets. 44-åringen har UEFA B-lisens.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er ingen tvil om at Børge har gode kvaliteter, men vel så viktig for oss var det at me fann ein person som ville passa godt i lag med hovudtrenar Ruben Hetlevik. Det trur me at me har gjort no, slår Kollen fast.

Thomas vil bidra

Børge Haugsdal er altså ein kamerat av dei siste års Lysekloster-trenar Thomas Sandal. Grunna familiesituasjonen vart Sandal nøydd til å trappa ned innsatsen for klubben i årets sesong .

- Thomas vil framleis vera med å bidra i Lysekloster-fotballen, men i mindre målestokk enn tidlegare. Kva rolle han vil få er førebels ikkje avgjort, seier sportssjef Kollen.

Lysekloster spelar sin første skikkelege treningskamp for sesongen laurdag 4. februar. Kampen går i Vestlandshallen. Motstandar vert Mons Ivar Mjeldes Åsane.