Ein anleggsperiode som vil kosta dyrt både i areal, øydeleggingar og ikkje minst for dei som skal leva side om side med eit slik massivt maskineri, skriv innsendarane om planane for ferjefri E39.
Ein anleggsperiode som vil kosta dyrt både i areal, øydeleggingar og ikkje minst for dei som skal leva side om side med eit slik massivt maskineri, skriv innsendarane om planane for ferjefri E39.

Sei kva du meiner - før det er for seint

Torsdag held Statens vegvesen folkemøte om ferjefri E39. Vi i Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden oppmodar alle som er glade i Osbygda, og som bryr seg om korleis vi skal ha det her - om å stilla i Oseana, skriv folkeaksjonen mot bru.

LESARBREV: For det er no vi kan få på bordet kva dette giantprosjektet faktisk kjem til å bety for Os. Til dags dato er det ikkje lagt fram eit einaste konkret prov på kva gode vi kan venta oss - bortsett frå noko vagt prat om klyngeteoriar og kjeda arbeidsmarknader - som om det er sesam sesam for gode, nære og trygge jobbar. Kronargumentet frå veg- og bruforkjemparane har heile tida vore at med litt kortare reisetid, så kjem jobbane til å poppa opp langs heile den såkalla gullkysten. Vel, dei er blitt langt stillare etter kvart som endringar i det som faktisk styrer arbeidsmarknaden - etterspurnad, globalisering og strukturelle forhold - har slått beina under mykje av næringslivet langs kysten.

Vi skal ikkje bruka mykje tid på å repetera kva vi kan venta oss av negative effektar frå vegbygging og bru. Det har vi skrive atskillege spaltemeter om før. Stikkorda talar for seg: Ei skjemmande monsterbru over ein av dei vakraste fjordane på Vestlandet. Full utradering av Kobbavågen; eit av dei flottaste naturområda i Os. Firefelts motorveg i retning Svegatjørn - eit svært folketett område som i tillegg er viktig for barnehagar, skular, idrettsliv, rekreasjon og næring. Ein anleggsperiode som vil kosta dyrt både i areal, øydeleggingar og ikkje minst for dei som skal leva side om side med eit slik massivt maskineri.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så har dei grelle realitetane også innhenta kostnadssida - trafikkveksten er urealistisk og prisen berre på brua er - alt no - gått i taket.

Viss du som oss, meiner at vi verken treng eller vil ha dette vegprosjektet, så møt opp i Oseana på torsdag og la di røyst høyra. Slik at Os blir ein god stad å veksa opp og å vera - også i framtida!

Styret i folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden