10. klassingane om bord på Violetta kosar seg på fjorden.
10. klassingane om bord på Violetta kosar seg på fjorden.

Seila ned før ferien

Det vart flotte dagar på sjøen då Os Seilforening inviterte 10. klassingane ved Nore Neset ungdomsskule på segletur på Bjørnefjorden.

Fire 10. klassingar ved Nore Neset ungdomsskule fekk sist veke gleda av å vera med Os Seilforening mange flinke skipparar på segltur.

Totalt 100 elevar og ni lærarar fekk over tre dagar "lufta vete" i herleg sjøluft.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fem båtar

Seglturen kom i stand som følgje av godt samarbeid mellom Samabeidsutvalet ved skulen og seilforeninga med tilhald på Strøno.

- Me stilte med fem båtar - Svein Larsen og hans «Madrugada», «Brigten» med Harald Ingebrigtsen, «Ine» til Ole Morten Lom, «Violetta» til Trygve Birkeli og «Tina II» til underteikna, seier Svein Skoglund.

Han fortel vidare at kvar dag starta med eit kjapt teorikurs.

Solveig og Charlotte ved roret. Filip og Amalie følgjer med.
Solveig og Charlotte ved roret. Filip og Amalie følgjer med.
Det unge mannskapet på Tina II gjer seg klar for vendereis til Strøneosen.
Det unge mannskapet på Tina II gjer seg klar for vendereis til Strøneosen.
Anja gjer vinsjen klar for slag. Lører Cecilie følgjer med.
Anja gjer vinsjen klar for slag. Lører Cecilie følgjer med.

- Då fekk dei litt info om sentrale omgrep i segleverda, som styrbord og babord og lo og lé, seier Skoglund.

Etterpå fekk gode instruksar om tryggsleiksrutiner i båten, om korleis ein til dømes utfører redningsaksjon om nokon skulle falla over bord.

Tre dagar

For å ta unna dei om lag 100 elevane måtte arrangementet gå over fleire dagar. Elevane som segla måndagen var nok dei heldigaste med tanke på vêret. Dei kryssa over til Austevoll og ppp til Korsneset i strålande sol og fin vind.

- Sol vart det også dei to andre dagane, men dessverre var vinden litt mildare då, så reint seglemessig vart det litt tammare, seier Skoglund.

Han og resten av gjengen i Os Seilforening er uansett glad for samarbeidet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me synest det var fantastisk hyggjeleg å samarbeida med elevane ved skulen. Dette var flinke og lærevillige elevar. Me håpar å kunna gjennta dette også neste vår, avsluttar Skoglund.