Arrangementssjef i Oseana, Berit Steen, er strålande nøgd med salet av "2MeterTulling" og lovar Thomas Helgesen ekstraframsyning om han sjølv vil.
Arrangementssjef i Oseana, Berit Steen, er strålande nøgd med salet av "2MeterTulling" og lovar Thomas Helgesen ekstraframsyning om han sjølv vil.

Selde ut Oseana på vel ei veke

Han var redd han hadde teke seg vatn over hovudet, men Thomas Helgesen selde ut Oseana-salen på rekordtid.

For ni dagar sidan siterte Os og Fusaposten han på følgjande:

- Om Morten Ramm kan fylla Oslo Spektrum (5.000 plassar), så kan kanskje eg fylla Oseana (500 plassar).

Artikkelen held fram under annonsen.

Revy-amatøren frå Nore Neset var relativt smålåten. Det hadde han ingen grunn til.

Måndag var det klart at Oseanas 493 billettar er rivne bort. No er berre billettane til pressa, sponsorar og spesielt inviterte att.

- Det er heilt utruleg. Me er så glade på Thomas vegner. Dette salet har gått over all forventning, seier arrangementssjef i Oseana, Berit Steen.

Spesiell appell i bygda

Ho visste ingenting om Thomas då han dukka opp på kontoret hennar for tre veker sidan.

- Eg hadde ikkje ein gong høyrt om han. Men eg skjønte jo etter kvart at han hadde noko å fara med. Me trudde på opplegget, og det kan det sjå ut til at me gjorde klokt i.

«2MeterTulling» laurdag 21. oktober går garantert for fulle hus.

- Etter interessa å døma, skjønar me at Thomas har ein spesiell appell til osingane. Me gler oss til å sjå han på scenen til hausten, seier Steen.

Ekstraframsyningar aktuelt

Arrangementssjefen har registrert at det framleis er mange i bygda som ikkje har fått billettar. Fleire framsyningar verkar svært så sannsynleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har ikkje lukkast å få fatt i Thomas i dag, men det er klart me legg til rette for fleire framsyningar. Om han er open for det, har tid og lyst, ser me for oss at ei ekstra framsyning kan vera aktuell i november, seier Steen.

Os og Fusaposten lukkast heller ikkje å få kontakt med Thomas Helgesen måndag.