Mads Stadaas gler seg storveges til å få sykla 18. etappe i Tour de France.
Mads Stadaas gler seg storveges til å få sykla 18. etappe i Tour de France.

Skal sykla amatøranes Tour de France

Mads Stadaas har eit klart mål om ein gong å få delta i Tour de France. Neste sommar får fusingen ein høgst reell forsmak.

19-åringen frå Vinnes har berre satsa skikkeleg på sykkelsporten i litt over eitt år. Likevel er han overtydd om å ha det som skal til får å ta seg ut i verda og gjera livet på ryggen av tohjulingen til ein leveveg.

- Det er berre eit spørsmål om tid. Eg har teke gigantsteg denne sesongen. Med like stor progresjon i 2017 vert eg kanskje Kontinental-ryttar innan utgangen av 2018, seier lysluggen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvalitetssikra oppfølgjing

Mads Stadaas starta idrettskarrieren som skiskytatar. Først for to år sidan byrja han å sysla meir med tankane om å driva med sykling.

Denne sesongen sykla han aktivt for Fana IL. Neste sesong vert det truleg ein annan klubb.

- Eg var godt nøgd med Fana IL, men det kan tenkjast at eg prøver meg i ein annan klubb neste sesong. Åsane kan vera ein aktuell klubb å konkurrera for i 2017, røper han.

19-åringen frå Vinnes treng endå ein sesong eller to før han for alvor kan tru på ein semiproff-karriere.
19-åringen frå Vinnes treng endå ein sesong eller to før han for alvor kan tru på ein semiproff-karriere.

På privaten har han meldt seg inn i svensken David Broo's treningsgruppe Stayer Coaching. Det har gjeve resultat.

- Det kostar nokre kroner, men det er så absolutt verd det. David har enormt med erfaring både som tidlegare syklist, trenar, kosthaldsekspert og mykje meir. Eg føler verkeleg eg får kvalitetssikker oppfølgjing på alle plan, skryter Mads.

15.000 deltakarar

Det var også gjennom David Broo og hans kontakter at Mads fekk billetten til det ein gjerne kallar "amatøranes Tour de France" neste sommar.

- Det er eit svært populært ritt for sykkelamatørar i Europa. Tek ein med alle nivå, er det kring 15.000 deltakarar, fortel fusingen.

Sjølv skal han delta på høgste nivå. Det vil seia: Klasse 0.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Den plassen fekk eg på bakgrunn av søknaden vår der me la ved watt-terskel-nivået mitt. Så i dette rittet skal eg altså få sykla mot toppnivået, fortel Mads.

Sjølve rittet går av stabelen 16. juli. Etappen er 128 km lang, og tilsvarar Tour de France-utøvaranes 18. etappe.

- Sykkelrittet er kalla l'etape du tour og går av stabelen sør-aust i Frankrike. Tradisjonen er at me som deltek i dette gjer unna vår konkurranse, ein eller to dagar før proffane kjem og syklar denne etappen, fortel Mads.

Med to fjellovergangar og totalt 3.400 stigningsmeter er det grenser for kor godt 80 kg tunge Stadaas kan hevda seg.

- Korkje tida på sesongen eller etappen passar meg heilt hundre prosent, men dette er likevel eit ritt eg må få med meg. Det å få konkurrera med så mange gode utøvarar blir både lærerikt og kjekt, seier Mads.

Ei erfaring rikare

Heime i Noreg kjem våren til å handla om å visa seg fram i Noregscupen.

- Målet er jo å bli lagt merke til av Kontinental-laga, eller semiproff-laga, som dei også vert kalla. Rittet i Frankrike vert meir som ein bonus, seier han.

Men at han blir ei erfaring rikare, er han ikkje i tvil om.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det blir jo ei vanvittig erfaring for meg å sykla i eit gedigent felt følgd av ei rekkje følgjebilar, politi, ville tilskodarar og stor stemning. Målet må vera å få vera med i eit brot å få litt tid i TV-ruta, humrar Mads.

Trass sin unge alder har han denne sesongen skaffa seg ein hovudsponsor. Og det lokalt.

- Ja, Bolaks er med for fullt og det er ei støtte som betyr svært mykje. Det kostar enormt å satsa som eg gjer, og eg hadde vel neppe fått høve til å delta i dette stor-rittet i Frankrike om ikkje eg fekk denne støtta, konstaterer unge Stadaas.