Skipar til spenstige hopp i hamna

Tre turnglade kameratar har bestemt seg for å arrangera Os Summer Challenge i hamna i sommar. Dei vil premiera dei beste hoppa, og kanskje til og med dei beste kostyma når arrangementet går av stabelen i juni.