I Os Frp har vi alltid prioritert primæroppgåvene først. Og kva er vel viktigare en skule og eldreomsorg? Det er dei desidert største oppgåvene kommunen har.
I Os Frp har vi alltid prioritert primæroppgåvene først. Og kva er vel viktigare en skule og eldreomsorg? Det er dei desidert største oppgåvene kommunen har.

Skule, eldreomsorg, skule

Unge og eldre i Os skal ha gode tenester. Våre born fortener gode oppvekstmiljø og kvalitet i skulen, og våre eldre fortener ein verdig alderdom, skriv Terje Søviknes (Frp) i dette lesarbrevet.

LESARBREV: Kvart år får Os kommune 500-700 nye innbyggjarar. Som i andre vekstkommunar, krev dette investeringar i ny sosial infrastruktur som barnehagar, skular og eldreomsorg. Dei siste åra har Os kommune utarbeidd 10-årige investeringsbudsjett. Dette gjev langsiktige og føreseielege rammer for organisasjonen vår.

350 mill. til skule

I valperioden 2011-15 har mykje av fokuset vore retta mot skulesektoren. Tidlegare vedtak i Skulebruksplanen er realisert, og i alt er skulane våre bygd ut for vel 350 mill. kroner på fire år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den nye ungdomsskulen på Nore Neset er flaggskipet, men i tillegg er Hegglandsdalen skule, Kuventræ skule og Os Ungdomsskule bygd ut.

Sist ut i denne bolken er Nye Lysekloster skule som opnar 17. august. Vel 50 mill. kroner er investert i skulen, og i samarbeid med Lysekloster Idrettslag har ein fått utvikla eit komplett oppvekstsenter i krinsen. I tillegg har kommunen vore framsynt og tatt høgde for framtidig utviding av skulen til to klassar per trinn. Alle prognosar tyder på at bustadbygginga i Lysekloster krins vil skyta fart som følgje av ny E39 Os-Bergen.

Eldreomsorga fyrst

I komande valperiode er det i første rekkje eldreomsorga som skal prioriterast. Lurantunet skal byggjast ut med 96 nye heildøgns omsorgsplassar. I tillegg vert det lagt til rette for nye, gode fellesfunksjonar som innandørs og utandørs sansehagar, møterom, serveringsfasilitetar, hjelpemiddelsentral m.m.

Det er spesielt knytt stor spenning til den tropiske hagen på 1300 m2 som skal liggja sentralt i nybygget. Under glastak skal våre eldre kunna oppleva naturen med tre, blomar, rennande vatn og gode, sosiale møteplassar året rundt. Dette vert ei nyvinning i norsk eldreomsorg, og eg voner nok ein gong at Os kommune kan visa veg i høve til andre kommunar!

Ein slik hage har vore ein draum for mange av oss etter at vi fekk presentert seniorbustadkonseptet til selskapet Boverian i Sverige. Dei har i mange år bygd ut bustader for eldre med tropisk hage som felles møte plass, sjå www.bovieran.se.

Byggjestart i haust

Anboda på Lurantunet er levert, og byggjestart vert til hausten. Etter at dei 96 nye plassane er opna i 2017, skal vi i gang med rehabilitering og ombygging av den eldste delen av Os Sjukeheim. Innhaldet her er ikkje endeleg avklåra, men det er aktuelt med både bustader, helsehus og andre føremål.

Ny runde skule

Mot slutten av fireårsperioden 2015-19 er det tid for ein ny runde med skuleutbygging. Eit eige ad hoc-utval planlegg no utviding av Lunde barneskule, og kommunen har alt kjøpt opp naboeigedommar slik at vi kan utvikla et komplett oppvekstsenter også for Søre Neset krins. I tillegg arbeidar ad hoc-utvalet med lokalisering og planar for ny skule aust om elvo. Truleg vil begge prosjekta starta opp i 2017-19.

Primæroppgåvene fyrst

Samla utgjer investeringane nemnd over ca 750-800 mill kroner. Til fråtrekk kjem momsrefusjon og gode statlege tilskotsordningar, spesielt til eldreomsorga.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Os Frp har vi alltid prioritert primæroppgåvene først. Og kva er vel viktigare en skule og eldreomsorg? Det er dei desidert største oppgåvene kommunen har.

Unge og eldre i Os skal ha gode tenester. Våre born fortener gode oppvekstmiljø og kvalitet i skulen, og våre eldre fortener ein verdig alderdom. Og gode fasilitetar i form av moderne skulebygg og omsorgssenter, legg grunnlaget for god kvalitet i tenestene. I Os Frp prioriterer vi dei store pengane til dei store oppgåvene.

Godt val 14. september!

Terje Søviknes

Ordførarkandidat

Os Frp