Eivind Meyer er leiar i Os KFU.
Eivind Meyer er leiar i Os KFU.

Skuledebatt med brennbare tema

Foreldreutvalet (KFU) samlar samtlege parti til debatt om kor mange skular me skal ha i Os, og korleis me skal få opp kvaliteten i skulen.

Torsdag 3. september inviterer Os KFU til debatt på Nore Neset om skulepolitikk. Kommunalsjef for oppvekst og kultur, Line Rye, vert ein av to innleiarar til debatten. Jørn-Arild Mikkelsen frå KS er den andre.

- Dette er engasjerte personar med mykje kunnskap. Me trur at det å ha slike innleiarar vil heva debatten, seier Eivind Meyer i Os KFU.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til å styra debatten har dei hyrt inn ein profesjonell ordstyrar frå Siri-Lill Mannes sitt firma SpeakLab. I panelet vert alle ni partia som stiller liste i Os til stades.

- Generelle debattar har ein tendens til å sprika litt i alle retningar. Når me fokuserer på berre skule, og då særleg på to hovudtema, har me tru på at det blir både struktur og temperatur, seier Meyer.

Touchy tema

KFU har valt to av dei mest brennbare skulepolitiske tema i Os til debatten: Skulekvalitet og skulestruktur.

- Me er klar over at dette er touchy tema, seier Meyer.

- Håpar de på at politikarane vil koma med lovnader no før valet som handlar om desse emna?

- Eg personleg har ikkje så mykje tiltru til vallovnader. Men det kan uansett vera greitt å høyra kva retning dei ulike politiske partia vil gå, seier KFU-leiaren.

Han legg til at politikarane og innleiarane har detaljkunnskap som foreldre flest ikkje har, og som difor kan vera nyttig å få fram i lyset.

- Eit viktig spørsmål me ønskjer svar på er: Når resultata på dei nasjonale prøvane i Os er dårlegare enn landssnittet, kva bør gjerast med det? Og er det viktig å oppnå eit høgt snitt? Eller er det viktigare å heva dei svakaste elevane?

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg vekt på at Os KFU ikkje har eit felles syn på alle desse spørsmåla.

- Me representerer alle skulane i Os, og har ulike syn og ulik partitilhøyrsle. Så poenget er meir å setja fokus på viktige problemstillingar og få fram ny kunnskap om desse.

- Kan avgjera valet

Os kommune har bidrege økonomisk for å arrangera debatten. Salen har plass til 120 menneske, så det er stor fare for smikkfullt hus neste torsdag.

- Alle er velkomne. Og me håpar sjølvsagt på at tilhøyrarane vil stilla spørsmål frå salen. Kva politikarane svarer på desse spørsmåla, trur eg blir viktig for kva tilhøyrarane vil røysta ved valet, seier Meyer.