Familien Evensen frå Os har hatt ei eventyrleg opning av LS på Lesja. Frå v, Alice, Sofie, Amalie, Jan Kristian og Maren.
Familien Evensen frå Os har hatt ei eventyrleg opning av LS på Lesja. Frå v, Alice, Sofie, Amalie, Jan Kristian og Maren.

Skytefamilie av dei heilt sjeldne

Årets Landsskyttarstemne er heilt i startgropa. Lokale skyttarar har like fullt imponert stort dei første dagane. Ikkje minst har Os skyttarlag hatt suveren utteljing i Lesja.

Det kan vera vanskeleg å setja dei mange gode prestasjonane opp mot kvarandre. Men eitt er iallfall sikkert: Dei siste ti skota som 15 år gamle Amalie Evensen sende i veg frå standplassen i går, kan vanskeleg gjerast betre. Og når ho hadde 150 på dei 15 første, vart det sjølvsagt fullt hus.

- Det var meir enn eg hadde lov til å håpa på, gliste hovudpersonen sjølv, etter å skota ti av ti moglege sentrumsblinkar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein prestasjon vi trur ho var aleine om, sjølv om det var veldig mange som klarte 250 poeng.

Meir å by på

Utanfor venta resten av den skyteglade familien Evensen, saman med andre osingar som følgde kanonskytinga via storskjerm og arena-kommentatorane. Vel ute vart det rett og slett for mykje for Amalie. Ho klarte ikkje å halda tårene attende. Gledestårer over ein prestasjon ho tidlegare aldri har gjort maken til. Og her snakkar vi trass alt om ei jente som har skapet fullt av premiar.

Familien Evensen hadde også meir å by på denne dagen. Begge veslesøstrene til Amalie - Sofie (13) og Maren (11) - gjekk feltrunde i klasse rekrutt. Det enda med fullt hus og 30 treff for Sofie, medan Maren stoppa på 27. Det same som pappa Jan Kristian fekk på sin feltrunde i klasse 4.

Amalie Evensen avslutta baneskytinga si med ti sentrumsblinkar. Det har ho all grunn til å smila av.
Amalie Evensen avslutta baneskytinga si med ti sentrumsblinkar. Det har ho all grunn til å smila av.
Arvid Austefjord skaut glimrande i klasse V55. Me 246 poeng var han den nest beste hordalendingen på LS. Her i samtale med skyttarkollega Harald Grytaas frå Osterøy, som hamna fire poeng bak.
Arvid Austefjord skaut glimrande i klasse V55. Me 246 poeng var han den nest beste hordalendingen på LS. Her i samtale med skyttarkollega Harald Grytaas frå Osterøy, som hamna fire poeng bak.
Martine Gorm-Hansen Haugse kjem frå Os, men bur no på Seimsfoss og skyt for Kvinnherad skyttarklubb. I motsetning til mange andre, brukte ho kaliber 22 på baneskytinga.
Martine Gorm-Hansen Haugse kjem frå Os, men bur no på Seimsfoss og skyt for Kvinnherad skyttarklubb. I motsetning til mange andre, brukte ho kaliber 22 på baneskytinga.
- Eg var meir uroleg enn eg plar vera på standplass. Difor overraskar det meg litt at eg enda opp med fullt hus, smiler Reidar Dahle.
- Eg var meir uroleg enn eg plar vera på standplass. Difor overraskar det meg litt at eg enda opp med fullt hus, smiler Reidar Dahle.

- Det har vore eit eventyr så langt, smiler skytefamilien.

Berre Alice må la Saueren liggja. Ho er sjukemeld med ei dårleg skulder, og lyt enno venta nokre månader før ho kan løfta noko gevær. Men som støtteapparat og praktisk tilretteleggjar fungerar ho heilt utmerka.

 

Lang fartstid

Medan Evensen-søstrene naturleg nok er rimeleg ferske i LS-samanheng, har osingen Reidar Dahle lang fartstid. 72-åringen slo også til med 250 poeng på baneskytinga, i klasse V65.

- Det gjekk bra til slutt, men du verda kor nervøs eg var i dag. Kanskje var det rett og slett det som skulle til for å få den rette skjerpinga, seier den tidlegare tømraren og maskinkøyraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg jobbar framleis 30-40 prosent som HMS-medarbeidar hjå Hegland Bygg. Men hovudløna mi kjem frå Staten, smiler Dahle.

No ventar spennande finaleskyting også på han.

 

Skarp luft

Som dei fleste sikkert veit, ligg ikkje Dovre heilt med sjøen. Skyttarcampen er 540 m.o.h. og skyteanlegget enno litt lenger opp i fjellsida. Natt til laurdag 1. august vart det målt minus 4,5 grader på det kaldaste. Då var det ikkje berre kjekt å liggja i telt. Men du verda kor frisk og skarp lufta blir. Og skal ein døma etter dei lokale resultata så langt, må dette vera forhold som passar skyttarar frå Os perfekt.