Ståle Steen Sæthre er oppsiktsvekkjande både på og utanfor banen. - Eg jobbar knallhardt for å nå måla mine, seier han.
Ståle Steen Sæthre er oppsiktsvekkjande både på og utanfor banen. - Eg jobbar knallhardt for å nå måla mine, seier han.

Slagkraftig "munk"

Lysekloster-spelar Ståle Steen Sæthre (22) legg ingenting i mellom. - Eg veit eg er god nok til å spela på toppnivå i Noreg.

Sæthre fekk ein fin start på Lysekloster-karrieren sist helg då han kom inn som innbytar i 4-2-sigeren over Loddefjord.

- Eg skåra to og la opp til eitt. Eg er kamprusten, men må vel kunna seia meg nøgd med omgangen eg spelte, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bogafjellets Copacabana

«Os og Fusaposten» vitja Sæthre heime på fjellgarden i Strandvik onsdag.

- Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, seier han med eit smil om munnen.

- Absolutt ei passande skildring!

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Sæthre har flytta heim til familien på Bogafjellet.
Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Sæthre har flytta heim til familien på Bogafjellet.
Hardtarbeidande, imøtekomande, ærleg og grei. Det er aldri noko tull med han. Det er mange som vert distrahert på veg mot måla sine, men Ståle gjer ikkje det. Han gjev jarnet heile vegen.
Hardtarbeidande, imøtekomande, ærleg og grei. Det er aldri noko tull med han. Det er mange som vert distrahert på veg mot måla sine, men Ståle gjer ikkje det. Han gjev jarnet heile vegen.

Fjellgarden ligg nesten på toppen av Bogafjellet, for å koma dit må ein opp ein lang, og til tider bratt, grusveg.

- Her har eg gode treningshøve. Eg plar springa i bakken, og hogga stein i steinbrotet vårt, i tillegg til å hjelpa mamma med andre oppgåver på garden, seier han.

Etter treninga restituerer han i demninga.

- Familien har laga ei ministrand, der me har fylt på ein flekk skjelsand. Eg kallar han Bogafjellets Copacabana, smiler Sæthre.

- Kan ikkje sløsa bort talentet mitt

Sæthre er oppvaksen på Landås, men han har brukt eit utal helgar og feriar på garden på Bogafjellet. Etter eit mislukka opphald i Førde har han flytta heim for å spela 3. divisjons-fotball for Lysekloster.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var både utanomsportslege, sportslege, og trivselsgrunnar til at eg valte å bryta kontrakten min i Førde. Nokon vil seia at det er uprofesjonelt å gjera det, men eg kan ikkje sløsa bort talentet mitt på noko som ikkje fungerer, seier Sæthre.

Jobbar knallhardt

Det er noko unorsk over Sæthre, og det er ikkje noko i vegen med sjølvtilliten hans. Han har klare mål som han jobbar mot, og er ikkje redd for å vera ærleg.

- Du er ikkje redd for å framstå som sjølvgod?

- Eg er ikkje redd for å seia kva eg er kapabel til å utretta. Det er jo berre røyndom. Samstundes er eg audmjuk til at eg ikkje er på det nivået eg skal vera. Men eg jobbar knallhardt for å koma dit, og eg trur på at ein skaper sin eigen suksess, seier han.

På garden dyrkar familien urter og grønsaker. Sunn mat for ein ung gut som satsar på å nå langt som fotballspelar.

- Det er viktig med rett kosthald. Eg har heller aldri rørt tobakk, og det vert som regel edru-fest på meg. Eg har også fokus på å få nok søvn, seier han.

Har spelt i Tippeligaen

Som 20-åring fekk han sin Tippeliga-debut for Stabæk, og han vart ikkje skremt av nivået.

- Det var fantastisk å spela framfor om lag 10.000 tilskodarar, men eg var ikkje klar for det. Eg fekk beskjed dagen før kamp om at eg skulle vera med til Ålesund. Eg var overtrent, og ikkje i særskilt god form, men eg vart ikkje skremt av nivået, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klubbnomade

Sæthre fekk med seg tre kampar for Bærums-klubben, før ferda gjekk vidare til Asker, då Stabæk hadde store problem med økonomien. I Asker spelte han under tidlegare landslagsspelar Lars Bohinen. Klubben låg an til opprykk før dei mista fleire sentrale spelarar mot slutten av sesongen. Då mor til Sæthre vart alvorleg sjuk valte han å reisa heim til Bergen, og signerte for Fyllingsdalen. Då mora var på betringens veg, reiste han vidare til Førde for å få ein boost på karrieren, men det vart eit mislukka opphald. Før alt dette spelte Sæthre for Trane, Ullern, Lyn og Bærum.

- Eg har vore innom mange klubbar, men det er naturleg å skifta klubb når ein vil opp og fram. Eg kan heller ikkje noko for at eit par av klubbane kom i økonomiske vanskar då eg var der, seier han.

Kritisk til NFFs regler

Lysekloster kan prisa seg lukkeleg for at Sæthre er ein klubbnomade, elles hadde han nok ikkje kome til klubben. Sæthre fortel at han var i dialog med fleire lag frå høgare nivå, men ingen av dei hadde råd til å betala utdanningskompensasjon for han.

- Då eg har vore i så mange klubbar, må ein klubb betala over 200.000 for å signera meg på proffkontrakt. Alle klubbane har rett til utdanningskompensasjon til eg er fylt 23 år. Norges Fotballforbund bør endra desse reglane. Eg veit det er fleire som vert råka av dei, seier han.

Diggar historia til Lysekloster

Men no er han fokusert på å gjera ein god jobb for Lysekloster.

Det er berre ei veke sidan Sæthre gjorde munk av seg, men han har fått eit godt inntrykk av klubben på den korte tida.

- Det er kjekt å koma til ein klubb som ønskte meg så sterkt. Dei har kontakta meg tidlegare òg, men då var det ikkje aktuelt. Eg diggar historia om klubben. At dei bestemte seg for å satsa, og at dei så rykka opp år etter år, seier han og legg til:

- Dei har ein klar plan og visjon. Det at me har ein manager og to trenarar kring A-laget er berre med og understrekar kor seriøst opplegget er.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil laga eit lokalt fotballtilbod

Alt som 19-åring jobba Sæthre fulltid som hovudtrenar og spelarutviklar i Øvrehol Hosle i Oslo. Han har full ført trenar B-lisenskurset, og søkt til NFF om å få ta A-kurset.

- Det er krevjande, og det er berre 24 trenarar i året som får lov til å ta det, seier han.

Han fortel at han kan bli den yngste trenaren i Noreg nokosinne til å fullføra kurset.

- Men det bryr eg meg ikkje noko om. Eg vil berre ha papira, seier han.

No vil han laga eit fotballtilbod for lokale jenter og gutar i Strandvik og omegn.

- Eg ser føre meg ein fotballskule som er open to dager i veka i nokre timar. Der skal dei få varm mat, leksehjelp, og ikkje minst fotballtrening. Eg håpar at me kan starta alt i august, men eg klarar det ikkje åleine, og treng hjelp frå andre i bygda, seier han.

Elskar å trena

Det er ikkje hogd i stein, men Sæthre sjølv ser føre seg å være på toppnivå i Noreg innan tre år.

- Eg vil jobba steinhardt for å oppnå mine mål, men eg vil vera audmjuk og lærevillig fram til eg har klart det. Om eg ikkje vert proff skal eg læra andre "hemmeligheiten" om vegen til toppen. Det er ein ting som tel: hardt arbeid, og audmjuk innstilling, seier han,