Første strekk med baldakinar frå Nordisk Rom  til og med Jernia-butikken er snart ferdig.
Første strekk med baldakinar frå Nordisk Rom til og med Jernia-butikken er snart ferdig.

Snart går du tørrskodd på Øyro

Denne veka tok Johs Sælen & Sønn fatt på monteringa av baldakinane i Os sentrum.

På ein sjeldan flott februardag, var det kanskje litt vanskeleg å sjå det fulle potensialet. Men me treng ikkje gå lengre enn eit par dagar tilbake for å hugsa styrtregnet og behovet for noko over hovudet i det me stakk nasen ut under open himmel.

Fredag byrja me å sjå konturane av dei mange og store baldakinane som skal gjera handleturen i Os sentrum litt hyggelegare og tørrare - og jammen ser det ut til å bli svært så fint også arkitektonisk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rikeleg med plass

Til samanlikning med dei gamle takutstikka vert baldakinane som no vert oppført, som å gå frå paraply til sjumannstelt. Det blir ikkje mykje trongt under tak på desse fortaua framover.

Med eit spenn på tre meter og 40 cm frå fasadane og ut, vert det plass til både gåande, syklande, rullestolbrukarar, utsalsstativ,gatemusikantar, vaffelseljarar og sjonglørar, ja, me kan til og med få vårt eige speakers corner under tak.