Sp og H, representert ved formannskapsmedlemene Mikal Leigland (Sp), Margun Y. Samnøy (Sp) og Aud-May Boge (H, delvis skjult), kjempa nok ein gong ein innbiten kamp i skulesaka, men kom nok ein gong til kort.
Sp og H, representert ved formannskapsmedlemene Mikal Leigland (Sp), Margun Y. Samnøy (Sp) og Aud-May Boge (H, delvis skjult), kjempa nok ein gong ein innbiten kamp i skulesaka, men kom nok ein gong til kort.

Søkte ro, enda i sjau

Mikal Leigland (Sp) meiner den einaste måten å få ro i skulesaka i Fusa, er å seia ja til å leiga, eventuelt selja, skulebygga til Strandvik Vekst AS og Hålandsdal Vekst SA.

I formannskapsmøtet onsdag viste Leigland til korleis situasjonen har vore løyst tidlegare.

- Det er snakk om to skulebygg som kommunen ikkje lenger vil nytta til skuledrift, sa Leigland og delte ut kjøpskontrakten mellom Fusa kommune og Vinnes friskule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han peikte på at i Sunnfjord, på Nordtveit og på Vinnes vart skulane selde for éi krone. I Sævareid kosta skulen ifølgje Leigland rett nok ti kroner, men der vart stiftinga som vart oppretta i samarbeid med kommunen, tilgodesett med meir enn 600.000 kroner for å skifta tak på skulen.

- Det er historisk presedens for korleis vi gjer det når skular vert lagde ned, sa Sp-politikaren og la til:

- Det finst ikkje noko kommunestyrevedtak som seier at vi ikkje aksepterer privatskular i Fusa. Fusa kommune har ei undervisingsplikt, men ikkje ein undervisingsrett.

Ordførar Atle Kvåle (Ap) bad politikarane om ikkje å retta innlegga sine mot kvarandre.
Ordførar Atle Kvåle (Ap) bad politikarane om ikkje å retta innlegga sine mot kvarandre.

Leigland meinte posisjonspartia burde tenkja seg nøye om før dei eventuelt sa nei til dei to privatskuleaktørane.

- Kva politikarar er de?

Bjarte Samnøy (KrF) hadde ikkje problem med å støtta rådmannen sitt framlegg til vedtak.

I rådmannen si vurdering konkluderer ho mellom anna med at kommunen bør seia nei til å leiga ut skulebygga av di kommunen vil sitja att med færre ressursar til skuledrift dersom det vert oppretta fleire privatskular.

- Eg står fast ved det vedtaket vi gjorde i desember. Posisjonen ønskjer ikkje at det skal verta fleire skular i kommunen, dermed er det ikkje noko alternativ for meg å seia ja, sa Samnøy.

KrF-politikaren fekk påpakning frå namnesøster Margun Y. Samnøy (Sp), som ikkje forstod på kva grunnlag Ap, Frp og KrF kunne avslå søknadene frå Strandvik Vekst AS og Hålandsdal Vekst SA.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Har de tenkt over konsekvensane dersom de får fleirtal for dette? spurte Samnøy.

- Alle andre veit at det vert privatskular i Strandvik og på Holdhus. Men de gjer alt kva de kan for å stikka kjeppar i hjula for initiativtakarane. Kva politikarar er de? Kva utvikling ser de føre dykk i Fusa med slike vedtak?

Samnøy skulda òg posisjonspartia for ikkje å ha snakka med folk.

- Eg kan garantera dykk at meir enn fleirtalet av innbyggjarane i Fusa er på Strandvik og Holdhus si side i denne saka. Likevel viser de ein slik arroganse, sa Sp-politikaren.

- Til beste for heile kommunen

KrF-Samnøy reagerte umiddelbart på uttalelsane frå Sp-Samnøy.

- Eg prøver å vera eit talerøyr for folk, og få fram det folk ønskjer, men alle vil ikkje det same alltid, sa KrF-politikaren.

- Skulesaka har vore diskutert opp og ned og i mente i valkampen. Kven er du til å seia at vi ikkje snakkar med folk, og at du kan garantera eit anna fleirtal? Du tek for sterke ord i din munn, sa Samnøy og peika på at skulane vart lagde ned som følgje av ein demokratisk prosess.

- Eg tek ikkje lett på denne saka. Eg gjer det ikkje for å vera arrogant. Eg gjer det av di eg trur at ei endring i skulestrukturen er til beste for heile kommunen, sa Samnøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det finst ingen demokratiske prosessar i denne saka, sa Leigland.

Ordførar Atle Kvåle (Ap) meinte det var bra med engasjement, men oppmoda politikarane om å vera varsame med å hamna i klinsj med kvarandre.

- Politikk handlar om sak og argumentasjon, ikkje om person, påpeika ordføraren.

Kva med vedtaket frå 2013, der kommunen seier at dersom ein ikkje klarar å oppretthalda dagens skulestruktur som følgje av økonomi, så er privatskule eit godt alternativ, undra Margun Y. Samnøy.

- Overser de berre det vedtaket, spurte ho.

- Det einaste eg kan seia til det er at Fusa kommune har eit nytt kommunestyre som baserer politikken sin på det ein er valt inn på, sa Kvåle.

1 krone

Sp og H føreslo at søknadene frå Strandvik Vekst AS og Hålandsdal Vekst SA om å få overta skulebygga i Strandvik og på Holdhus vert imøtekomne. Privatskuleaktørane får ifølgje forslaget kjøpa bygga med tilhøyrande tomt for éi krone.

- Salet føreset at bygga vert nytta til skuledrift, og at avtalar med lag og organisasjonar vert vidareførte. Dersom privatskulen innstiller drifta, skal Fusa kommune ha tilbakekjøpsrett på same vilkår som skulen er selt for. Salet må gjennomførast så snart som rå, og seinast innan 30. mars, sa Aud-May Boge (H) då ho las opp forslaget til kjøpskontrakt mellom kommunen og privatskuleaktørane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forslaget vart som venta av-slege med fem (Ap, Frp, KrF) mot fire (Sp, H) røyster.