Marius Mikkelsen var blant målskårarane på Liland kunstgress. - Det er mykje positivt å trekkja fram frå kampen i dag. Alle gjorde ein kjempejobb, seier trenar Hassan El Fakiri. Biletet er frå ein tidlegare kamp. (Arkivfoto)

Solid kamp frå Os på bortebane

- Eg synest vi er solide over heile lina, seier trenar Hassan El Fakiri etter 0-3-sigeren over Gneist i ettermiddag.

Os sitt A-lag møtte Gneist på Liland kunstgress i ettermiddag. Os gjekk til pause med 1-0-leiing. Marius Mikkelsen skåra i 26. minutt etter ein målgjevande pasning frå Stian Lunde.

Etter pause går ballen frå Endre Brenne, via ein motstandar og i mål. Og etter 80. minutt set Øystein Takle Eide spikaren i kista for heimelaget med 0-3-skåringa si.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er ein solid kamp frå vår side. Vi dominerer kampen, og skapar ein del sjansar. Diverre får vi ikkje ordentleg uttelling for sjansane, men vi går til pause med 0-1-leiing, seier trenar Hassan El Fakiri etter kampen.

I andre omgang er laget ifølgje trenaren tolmodige, og det opnar seg opp meir og meir rom.

- Det var ein solid kamp frå heile laget, både offensivt og deffensivt, oppsummerer han.

Neste laurdag spelar Os mot Øystese på Kuventræ kunstgress.