Solstrand evakuert

Like etter klokka 22 i kveld fekk brannvesenet i Os melding om røykutvikling frå eit fyrrom på Solstrand Hotell & Bad.

Politi og brannvesen rykka i kveld ut til Solstrand Hotell & Bad etter melding om røykutvikling på hotellet. Gjestene vart evakuerte, men kunne venda tilbake igjen til romma sine etter kort tid.

- Ikkje brann på staden. Oljedamp frå fyrkjel har gitt røykelukt og utløyst alarmen, er beskjeden frå 110-sentralen i Hordaland etter at brannvesenet har vore inne på hotellet og sjekke ut forholda.