Godt humør gjev gode kaker.
Godt humør gjev gode kaker.

Solveigs glade kaker

Solveig Gangstø leverer mat og kaker til heile Fusa, og meiner sjølv ho har verdas beste arbeidsplass.

Solveig Gangstø kjevlar marsipan i det som må vera eit av verdas fredelegaste kjøken. På Tønnegarden heime på Samnøy, er slaps og snødrev knapt merkbart.

- Eg har aldri lært meg å laga tønner. Det er heller kaker som har blitt mi greie, smiler ho og danderer sjokoladesaus og friske jordbær på dagens fyrste bakverk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kreative hender

Men når far er noko så uvanleg som bøkkar, eller tønnemakar, og har bygd både opplevingssenter og verkstad for det eldgamle handtverket - og grandtante Marie var kjend for å reisa frå hus til hus i bygda for å baka lefser etter eiga oppskrift - seier det seg sjølv at det må vera noko spesielt med desse Gangstø-hendene.

- Det er ingen tvil om at eg har vokse opp i ein kreativ familie. Då eg byrja med baking, var det med eit ynske om å vidareføra tradisjonsbakst, seier ho og nikkar mot ein høg stabel av ferske lefser. Steikt på takke i går etter farmors hemmelege oppskrift.

Det er eit stykke frå farmors Fusa-lefser til Kakekrigen på TV-kanalen FEM. Men 29. februar skal i alle fall Solveig i ruta.

- Men eg kan ikkje seia noko om korleis det gjekk, altså, ler ho.

Bursdagskaker til jentene

Med tre jenter, tvillingar på 9 og ei på 12, har Solveig oppdaga at bursdagskaker byr på mykje kreativ familiemoro.

- Er du ei av dei som har fått nabodamene til å føla seg mindreverdige kvar gong dei kjem i bursdagsfest og ser kva kaker du vartar opp med?

- Haha, eg trur ikkje nett det. Det har i alle fall aldri vore viktig at det skal vera så flott og overdådig. Men eg og jentene har hatt stor glede av å laga og pynta kakene saman, ler ho.

I dag er det bursdagskake til pappa Jostein som står for tur. Den spreke 63-åringen er Solveigs nærmaste kollega, der han dagen lang står og snekrar tønner i naborommet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fylgje Solveig bruker han å koma tuslande ved lunsjtider og spør søtt: "E´ da ein liten lefsebit å få?"

- Det å jobba så tett på pappa er utruleg fint, smiler ho.

I tillegg til cateringkjøken, tønneverkstad og selskapslokale, har Tønnegarden også noko så spesielt som ein vedfyrt steinovn. Kvar torsdag kveld fyrer Jostein opp godt med ved og let det brenna natta gjennom. Når Solveig kjem på jobb om morgonen er omnen steikeklar til dei om lag 100 brøda som vert lagt ut for sal kvar fredag.

- Eg bruker lite gjær, men lang hevingstid. Det, i tillegg til aromaen frå ved og steinomn, gjer brøda ekstra gode, seier ho.

Himmelske lag

Solveig har ikkje noko formell kokkeutdanning, men har lese seg til det meste. Dessutan har ho hatt ein god læremeister i mor Kari som også jobbar på kjøkkenet ved siden av rekneskapsarbeidet på garden. Med Solveig ved roret tilbyr Tønnegarden i dag catering på supper, middagar, koldtbord, snittar, gryter og kaker. Aller travlast er det i bryllaupssesongen vår og sommar.

Bileta på Facebook-sida «Solveigs kaker» gjev ein raskt vatn i munnen.

- Er dei like gode som dei ser ut?

- Ja, det trur eg faktisk eg kan garantera. Når det gjeld kakene eg sel, så er eg perfeksjonist. Dei skal sjå bra ut, men dei skal også smaka godt. Difor held eg meg til nokre sikre vinnarar, blunkar ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og det er nettopp ein slik kakevinnar ho er i ferd med å laga til dagens bursdagsbarn. Ein botn av seig og saftig brownie, og tre lag med sukkerbotn opp på der igjen, er ei god byrjing. Men det er mellom desse laga at sjølve himmelen finst: Krem ispedd heimedyrka blåbær, solbær og bringebær. Nam!

Til sist får kaka eit marsipanlokk og vert pynta med sjokoladekrem, litt dilldall og heimelaga roser.

Marsipan og treolje

Så snart marsipankaka er ferdig pynta og kaffien komen på kanna, er det tid for å gratulera pappa med dagen.

- Nei, for ei flott kake du har laga, smiler han.

Også mor Kari har teke på seg skoa og kome over tunet for ein kaffitår.

- Vi må ha verdas beste arbeidsplass, seier Jostein og Solveig og smiler til kvarandre.

Vel vitande om at dei nok er ein familie som trivst ekstra betre ilag enn dei fleste.

I eine enden av bygget luktar det søt marsipan. I andre enden plank og treolje. Ikkje heilt godt å vita kva som er best.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har greidd å ta vare på tradisjonar frå både bakst og treverk. Det er noko eg rett og slett er utruleg stolt av, seier ho.