Endre Brenne og Stian Kvåle kan gle seg over ein fantastisk sesong som kan kronast med opprykk til damelaget, herrelaget og Os 2.
Endre Brenne og Stian Kvåle kan gle seg over ein fantastisk sesong som kan kronast med opprykk til damelaget, herrelaget og Os 2.

2017 enda stygt, men 2018 ser ut til å bli eit fantastisk år for Os Fotball

Stemninga var alt anna enn god etter den bisarre avslutninga på sesongen i fjor, men no er det optimisme som rår på Kuventræ. I kveld kan damelaget sikra opprykket, medan herrane forhåpentlegvis kan spretta champagnen laurdag.

Vi går tilbake i tid til siste serierunde 21. oktober i fjor. Brattvåg er gjestar på Kuventræ og kan rykkja opp i tett kamp med Lysekloster. Os kan rykkja ned med tap, men då må også Stord slå Haugesund borte og vinna med minst fire mål om Os berre tapar med eitt. Ti minutt før slutt skårar Brattvåg. Stord leiar med to mål borte mot Haugesund 2 og kampen går mot slutten. Os trillar ball i forsvar og spelar på resultatet i den andre kampen. Det straffar seg då Stord skårar rett før fulltid og får nok eit mål godt inn i overtida. Nedrykket til 4. divisjon er eit faktum. Brattvåg rykkjer opp med betre målskilnad enn Lysekloster.

– Det blei ei rar setting. Vi tenkte på oss sjølve i den kampen, men det å basera seg på resultat frå andre kampar var ikkje rett. Både dei på sidelinja og oss på banen blei handlingslamma mot slutten av det oppgjeret, seier dagleg leiar i Os Fotball og spelar Endre Brenne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trufaste supporterar i harnisk

Vidare fortel Brenne at Os burde ha gått framover og prøvd å skåra. Ikkje berre trilla ball på eigen halvdel.

– Det er noko heilt anna å stå midt oppe i det ute på banen og å stå på tribunen. Det er nok vanskeleg å setja seg inn i situasjonen, men publikum på Kuventræ skal forventa å sjå eit heimelag som angrip og prøver å vinne, og det skal vi også gjera. Vi skulle ikkje ha kasta alle mann i angrep, men vi burde gått framover og prøvd å skåra.

Os blei knallhardt straffa. Det blei nedrykk til 4. divisjon, og fleire av dei trufaste supporterane var i harnisk etter kampen. No er fjoråret gløymd på Kuventræ og dei ser framover. 2018 har vore eit knallår så langt for klubben. I kveld kan damelaget sikra opprykket borte mot NHH. Damene treng eitt poeng frå dei tre siste kampane, men sjølv om dei skulle tapa alle tre – kan dei framleis rykkja opp.

– Vi har som mål å vinna i kveld, men vi går også for siger i dei to neste kampane om opprykket skulle bli sikra i kveld, seier trenar Stian Kvåle og held fram:

– Vi møter Krabbetor i begge dei siste kampane. Dei ligg på andreplass. For vår eigen del, og av respekt for dei andre laga som kjempar om opprykk, skal vi yta vårt beste.

– Klubben må ta sjølvkritikk

Sidan 5-1-tapet borte mot Årstad i mai, har damene vunne ti på rad. Det har vore ein knallsesong for damene og trenar Kvåle, som i sin første sesong som hovudtrenar for eit lag, ser ut til å kunna feira opprykk.

– Eg var med kring A-laget under Hassan El Fakiri i tre år og lærte mykje der. Før det var eg med på Søre Neset i fleire år. Det er kjekt å vera hovudtrenar og setja sitt preg på laget. Vi er i ein gunstig posisjon før dei tre siste kampane, seier Kvåle.

Brenne seier at det var eit mål å rykkja opp både med herrelaget og med damelaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi var ikkje så bastante med damelaget, men vi sa at også damene skulle rykkja opp. Sesongen har vore over all forventing, seier Brenne og legg til:

– Vi ser at det er større interesse for damelaget enn på lang tid. Det er fleire på kampane og ramma kring er heilt annleis enn for kort tid sidan. Damene trenar meire og betre, og fortener absolutt å rykkja opp. Klubben må ta sjølvkritikk for at det tidlegare har vore for mykje fokus på herrane, og at damene har hamna litt i skuggen. At damene er likestilt med herrane er viktig, seier Brenne.

Skal opp i 2. divisjon innan 2020

Då herrane sitt nedrykk var eit faktum i fjor, blei det sett ein treårsplan som seier at A-laget skal vera i 2. divisjon innan 2020. No ser det ut til at herrane spelar i 3. divisjon i 2019.

– Opphaldet i 4. divisjon skulle vera så kortvarig som mogleg. Vi klarte å hala på stamma i laget og vi har fått inn nokre solide forsterkingar. Vi starta med eitt tap, men sidan har vi ikkje sett oss tilbake. Med ein uavgjort og resten sigrar ser det no ut til at vi når målet om opprykk, seier Brenne og held fram:

– Vi vil ikkje opp berre for å koma oss opp og etablera oss i 3. divisjon. Vi skal vidare opp.

Kan rykkja opp med tre lag

I tillegg til at damelaget og herrelaget kan sikra opprykket, er også Os 2 i ein god posisjon, Med fire kampar att, ligg andre laget på opprykksplass åtte poeng framfor Voss, som har ein kamp mindre spelt.

– Opprykk med andrelaget blir ein flott bonus denne sesongen. Vi snakka før sesongen om at det var mogleg om vi hadde litt flakse med lite skader og slikt. Trenar, Martin Eidsvik, har gjort ein god jobb, og A-lagstrenar Tim Henrik Sperrevik, har vore flink til å setja også andrelaget i fokus, seier Brenne og held fram:

– Om vi får andrelaget opp også, vil det gje eit endå betre sportsleg tilbod til dei beste og nest beste. Første prioritet er å få A-laget opp, men om vi får begge opp, er 4. divisjon ein kanonarena for dei som kjem etter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Talentfulle jenter

Ei årsak til at det i år er viktig å få damelaget opp frå 4. divisjon, er at ein ønskjer å kunna halda på spelarane og gje dei eit betre tilbod.

– Det er veldig viktig for jentefotballen i Os at damelaget spelar høgare enn i 4. divisjon. Det gror godt i bygda, og særleg på jentesida. Vi må unngå at dei veks ut av bygda i 16-17-årsalderen, seier Brenne.

Kvåle har i år nytt godt av etterveksten og det gode arbeidet som blir gjort på aldersbestemte lag.

– Til nokre kampar har gjennomsnittsalderen vore kring 18 år. Det er utruleg mange gode og talentfulle jenter i klubben. Vi må gje dei eit så godt tilbod som mogleg, slik at dei ikkje søkjer etter tilbod på eit høgare nivå, seier Kvåle.