annonse

Anne vart kretsmeister

:

Anne Mathilde Reimer Haga (11) og ponnien Bandit vart i helga kretsmeister i dressur.

Jostein Halland

Anne rir for Lysefjorden Ride- og kjøreklubb. Meisterskapen vart arrangert i Alvøen.

Laurdag rei Mathilde til 68,2 prosent og fekk 1. plass. Søndagen oppnådde ho 64 prosent. Samanlagt gav dette 132 poeng, noko som heldt til gull i kretsmeisterskapen.

Neste stemne for Anne Mathilde og Bandit er landsmeisterskapen i Rogaland 26. og 27. oktober.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.