Arne-Richard Stadaas med eposten som viser at Askøy no pustar oss i nakken med talet deltakarar.
Arne-Richard Stadaas med eposten som viser at Askøy no pustar oss i nakken med talet deltakarar.

Askøy pustar oss i nakken

Primus motor for aksjonen i Os, Arne-Richard Stadaas, appellerer no til alle osingar om å registrera seg. – Me kan ikkje la oss slå av Askøy, seier han.

Sjølv om aksjonen som startar om ein knapp månad heiter «Sykle til jobben», kan alt frå jogging, svømming, lufting av hunden og sjølvsagt sykling, registrerast som aktivitetar. Stadaas oppfordrar difor alle aktive osingar om å registrera seg.

– Eg har nett no fått ein e-post frå Bedriftsidretten, og dei seier at me har 123 påmelde. Askøy følgjer hakk i hæl med 118. Fjell har me god kontroll på med berre 63 påmelde så langt. Men no er det viktig at me mobiliserer alt som kan krypa og gå til denne folkehelse-aksjonen, seier Stadaas.

Artikkelen held fram under annonsen.

Storkjefta lovnad

Det høyrer med til historia at Stadaas var ganske stor i kjeften på vegner av kommunen då aksjonen vart lansert i februar. Han lova nabokommunane at Os kommune skulle slå dei alle saman.

– Eg kan ha sagt noko slikt som «det skal bli deilig å slå dykk igjen». Me vann nemleg sist gong det var ein tilsvarande folkehelse-konkurranse, seier han.

– Kva må til for at me skal slå Askøy?

– Det gjeld rett og slett å ha flest mogleg påmelde. Alle osingar driv på med ein eller annan form for aktivitet, så det er berre å registrera seg.

– Så dersom nokon melder seg på, og syklar til jobben berre ein dag i konkurranseperioden, så tel det som ein deltakar i Os kommune sitt rekneskap?

– Det er faktisk slik, ja, svarer Stadaas.

Han seier at dei har sett i gang ei stor-mobilisering på Askøy no, det blant anna eigne orienteringslag vil delta. Men det er altså ikkje om å gjera å sykla eller å springa lengst, men å ha flest påmelde som gjeld for å slå «fiendane».

(Her kan ein registrera seg)

Artikkelen held fram under annonsen.

Korleis registrera aktivitet

For dei meir avanserte går det også an å melda på eit heilt lag, til dømes ei foreining eller ein arbeidsplass. Desse kan konkurrera med andre lag eller arbeidsplassar om spesielle premiar.

Å registrera aktivitet kan ein gjera manuelt på nettsida, men ein kan også kopla opp eigne appar som Strava eller Endemondo som loggar all aktivitet. Vilkåret er at ein er aktiv i minst 30 minutt for at det tel som ein aktivitet.

– Dersom du har 15 minutts sykkeltur til jobben og 15 minutt heim att, kan det registrerast som ein aktivitet. Det er summen som tel, forklarer Stadaas.

Sjølve konkurransen startar 19. april og varer til 17. juni.

ol@osogfusa.no