Det var vått, surt og kaldt på Kuventræ i ettermiddag. Spelet til Erik Kanestrøm og resten av Os-laget varma heller ingen i sesongens første heimetap.
Det var vått, surt og kaldt på Kuventræ i ettermiddag. Spelet til Erik Kanestrøm og resten av Os-laget varma heller ingen i sesongens første heimetap.

Champagnen måtte tilbake på kjølen

Det var nok mange som trudde at Os skulle sikra opprykket heime mot Sandviken i dag, men i staden for kom sesongens første heimetap.

– Det var strengt tatt ikkje noko festfotball i dag. Vi fann ikkje rytmen. Dei låg bakpå og satsa på overgangar og lukkast med det. Vi var utolmodige og slurva i pasningsspelet. Vi var heller ikkje gode nok verken i duellspelet eller til å fanga opp andreballar, seier Os-trenar Tim Henrik Sperrevik og held fram:

– Det er ikkje noko å seia på at Sandviken tok alle tre poenga. Dei ville det meir. Vi må berre brette opp ermene og jobba vidare frå måndag av.

Artikkelen held fram under annonsen.

Surt, vått og kaldt

På heimebane har Os vore botnsolide heilt fram til oppgjeret laurdag. Ni sigrar av ni moglege og 46–4 i målskilnad var fasit før Sandviken kom og øydela.

– Det er ein ripe i lakken. Eg hadde håpa å «halda fortet» heile vegen ut. Vi har gjort mykje bra fram til no. Vi må berre snu kjapt om og satsa på at dette berre var eit hakk i plata, seier Sperrevik.

Det var surt, kaldt og vått på Kuventræ laurdag ettermiddag og spelet varma heller ingen. To lag som kriga godt, men flust med sjansar fekk vi ikkje sjå. Erik Kanestrøm hadde ein ball i mål i førsteomgang, men han blei avvinka for offside, noko han var ueinig i. Bortelaget hadde eit innlegg som gjekk forbi alle og var nære på å snika seg inn bak Anders Fossen Lunde.

Kanestrøm skåra i førsteomgang, men blei avvinka for offside.
Kanestrøm skåra i førsteomgang, men blei avvinka for offside.
- Vi var ikkje gode nok i
- Vi var ikkje gode nok i
Os/Nore Neset-damen sikra opprykk torsdag. Det blei markert i pausen av herrekampen laurdag.
Os/Nore Neset-damen sikra opprykk torsdag. Det blei markert i pausen av herrekampen laurdag.
Rafael Villen Villen skåra for Os og blei kåra til Os sin beste spelar.
Rafael Villen Villen skåra for Os og blei kåra til Os sin beste spelar.

Bortelaget tok leiinga kring ti minutt inn i andreomgang. Eit fantastisk skot heilt oppe i krysset som Fossen Lunde ikkje hadde sjanse til å ta.

Lyngbø vann på overtid

Os svarte berre fem minutt seinare. Rafael Villen Villen fekk to sjansar til å avslutta i boksen. Det første skotet tok keeper, men returen sette han i mål. Nok eit mål kom kort tid etter. Sandviken var igjen i føringa, og Os klarte aldri å skapa det heilt store resten av kampen. Dermed må Os vente på å feira opprykk. Lyngbø som ligg sju poeng bak, såg ut til å tapa poeng mot Telavåg i dag, men på overtid fekk dei 4-3-skåringa som gjer at det framleis er mogleg for dei å gå forbi Os med tre kampar att.