Spelarane var fokuserte før kampen, og det blei ikkje snakka mykje om eit eventuelt opprykk. Etter kampen kunne dei sleppa jubelen laus.
Spelarane var fokuserte før kampen, og det blei ikkje snakka mykje om eit eventuelt opprykk. Etter kampen kunne dei sleppa jubelen laus.

– Dei skal få lov til å feira litt laurdag

Os/Nore Neset-damene sikra opprykket med 4–0 borte mot NHH i går. Til helga blir det ei markering, men den store feiringa let venta på seg til etter sesongen.

Då Os & Fusaposten snakka med trenar Stian Kvålefør kampen torsdag, var han klar på at sjølv om opprykket skulle gå i boks seinare på dagen, så ville damene gjera alt for å vinne også dei to siste kampane, av respekt for lag som kjempar mot Krabbetor om opprykket. Os skal møta Krabbetor i dei to siste kampane fordi vårmøtet mellom dei to blei utsett.

– Dei skal få lov til å markera opprykket i helga, men den store feiringa tek vi når sesongen er over, seier Kvåle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjekk ikkje opp for spelarane

Os/Nore Neset-trenaren fortel at han var nervøs etter at dei tok leiinga midtvegs i førsteomgang mot NHH i går.

– Eg spurte dei kring med kor lang tid det var att heile tida. Det var nervepirrande. Vi var ikkje heilt skrudd på i førsteomgang, men det kom seg etter pause, seier Kvåle.

Vy Nguyen gav Os leiinga. Michelle Gassmann dobla etter kring 60 minutt. Fem minutt seinare var Nguyen frampå igjen, før Malin Ludvigsen sette inn 4–0 med rett under 20 minutt att.

– Først då tenkte eg at opprykket var sikra, seier Kvåle.

Spelarane såg ikkje ut til å forstå at dei hadde rykka opp etter at dommaren hadde blåst av kampen.

– Det var ganske roleg rett etter kampslutt, men då vi spratt champagnen tok feiringa av, seier Kvåle og smiler.