Mia Ragnhildstveit (t. v.) har vore nokre turar til Oslo under Norway Cup, men har aldri delteke. Det skal ikkje 13-åringen i år heller, men Malin Haugen, Solveig Eikeland Gjøn og Alexandra Molina skal alle ta del i Norway Cup for aller første gong saman med resten av Eikelandsfjorden J14.
Mia Ragnhildstveit (t. v.) har vore nokre turar til Oslo under Norway Cup, men har aldri delteke. Det skal ikkje 13-åringen i år heller, men Malin Haugen, Solveig Eikeland Gjøn og Alexandra Molina skal alle ta del i Norway Cup for aller første gong saman med resten av Eikelandsfjorden J14.

Desse jentene er klare for Norway Cup-debuten

Det er venta kring 30.000 deltakarar til årets Norway Cup. Blant desse er det nokre ferskingar frå Fusa.

Oppkøyringa til cupen i hovudstaden er i full gang rundt om kring i Os og Fusa. Før treningsøkta onsdag, snakka Os & Fusaposten med nokre spente J14-spelarar frå Fusa. Solveig Eikeland Gjøn, Alexandra Molina og Malin Haugen gjorde seg klare for trening. Det same gjorde Mia Ragnhildstveit, men ho skal ikkje vera med til Oslo.

– Dei andre er eitt år eldre enn meg. Eg spelar ikkje med dette laget. Eg har vore på Norway Cup fleire gonger, men det var for å sjå på brørne mine. Eg har ikkje vore med som spelar, seier Mia.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jentene fortel at Mia har spelt fleire kampar med dei i år.

– Men er du ikkje god nok til å vera med, då?

– Mia, du er betre enn alle oss, skyt Malin Haugen inn frå sida.

Kaptein Sander Ådland, og Olav Hauge, er klare for å feia motstandarane av banen i Oslo.
Kaptein Sander Ådland, og Olav Hauge, er klare for å feia motstandarane av banen i Oslo.
William Solheim, Anders Samnøy, Daniel Bergheim, Jonas Lygre, Olav Hauge, Tarjei Indrebø, Sander Ådland og Otto Ådland.
William Solheim, Anders Samnøy, Daniel Bergheim, Jonas Lygre, Olav Hauge, Tarjei Indrebø, Sander Ådland og Otto Ådland.
Birgitte Håvik, Cecilie Nordtveit, Solveig Gjøn, Ingebjørg Markhus, Marilen Lygre og Malin Haugen. Ikkje til stades: Emma Boge Bekken, Trine Dale og Stine Halvorsen.
Birgitte Håvik, Cecilie Nordtveit, Solveig Gjøn, Ingebjørg Markhus, Marilen Lygre og Malin Haugen. Ikkje til stades: Emma Boge Bekken, Trine Dale og Stine Halvorsen.
Lagleiar for J19, Heidi Eikeland Rød, fortel at dei har eit ungt lag. – Halvparten er J15-spelarar, seier ho.
Lagleiar for J19, Heidi Eikeland Rød, fortel at dei har eit ungt lag. – Halvparten er J15-spelarar, seier ho.

Neste år er det truleg Mia sin tur til å reisa. Ho er faktisk den einaste av dei fire som har vore på Norway Cup før. Dei andre jentene veit ikkje heilt kva som ventar, men dei er heilt sikre på at dei kjem til å ha det kjekt.

– Eg gler meg til å spela kampar og vera med vener, seier Solveig Eikeland Gjøn.

Alle laga frå Eikelandsfjorden IL skal bu på same hotell på Fornebu.

– Vi ser også fram til hotellfrukost, seier Alexandra Molina.

J19 stiller med ungt lag

Jentene meiner at dei skal møta Elverum, men dei andre laga hugsar dei ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje så viktig kven vi møter, seier Alexandra.

– Kva skal de finna på utanom å spela fotball i Oslo?

– Sova, seier Malin.

– Kanskje litt shopping og vera sosial. Eg trur også det er planlagt eit fellesmåltid, seier Alexandra.

Det reiser fire lag frå Eikelandsfjorden. J19 trente tidlegare onsdag, men lagleiar Heidi Eikeland Rød er likevel å finna på kunstgrasbanen onsdag kveld.

– Jentene er klare. Vi er ferdige med dagens økt. Vi har tre treningar i veka no før vi reiser, seier ho.

Vidare fortel lagleiaren at dei har eit ungt lag.

– Halvparten er J15-spelarar, og vi er berre 14 spelarar i troppen. I fjor blei dei slitne, og det vil dei nok bli i år også. Dei er sosiale, spelar kampar og så ser dei gjerne på når andre spelar. Det blir lange dagar. Det tek på, og vi har ikkje så mange å spela på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kor langt tenkjer de at de kan nå?

– Vi plar avslutta med eit restaurant-besøk. Eg får seia som trenar Arild Tveit sa. Om det blir b-sluttspel, så blir det kafé i staden for restaurant, seier Heidi og ler.

– Det er vanskeleg å vita kven ein møter. Særleg i J19-klassen. Der kan det vera elitespelarar som har fri og lyst til å vera med på Norway Cup. Det er også lov til å ha med nokre eldre spelarar. Det blir spanande, seier ho.

Opnar mot italienarar

Samstundes som jentene trena, var også G14-laget i aksjon. Dei trente på graset, som ikkje akkurat er optimalt.

– Vi har ein tanke bak det når vi trenar her, seier trenar Otto Ådland og legg til:

– Standarden på fleire av banene på Norway Cup er lik graset her. Difor er det betre å trena på graset enn på kunstgraset.

G14-laget skal opna mot italienske motstandarar. Det ser gutane fram til.

– Korleis forventar de at dei kjem til å spela?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei kjem nok til å sentra mykje, seier kaptein, Sander Ådland.

– Eg trur dei har mange raske spelarar. Forhåpentlegvis er dei ikkje like sterke som oss, seier Olav Hauge.

Gutane spelar sjuarfotball. I fjor tok dei seg heilt til kvartfinalen.

– Der blei det bråstopp. Vi fekk juling av Embla. Vi håper at vi kan koma langt i år også, seier Sander.

Dei synest det er kjekt at alle laga bur saman på Norway Cup, og gler seg til å ha det kjekt i Oslo saman med venene sine.

– Skal de på utkikk etter potensielle sjelevenar også?

Dei to smiler.

– Ja, det må vi jo!

Artikkelen held fram under annonsen.

Desse laga frå Os og Fusa skal ta del i Norway Cup 2018:

Os: G15, G16, G16 2, G19 og G19 2.

Os/Nore Neset: J15 og J15 2.

Eikelandsfjorden: G14 (sjuarfotball), G15, J14 og J19.