Dagleg leiar og A-lagsspelar Endre Brenne og A-lagsspelar Mats Cato Moldskred kan jubla over ein fantastisk sesong for Os Fotball.
Dagleg leiar og A-lagsspelar Endre Brenne og A-lagsspelar Mats Cato Moldskred kan jubla over ein fantastisk sesong for Os Fotball.

– Det har vore ein utruleg sesong for vår del

Dagleg leiar i Os Fotball gler seg alt til neste sesong. – Det blir ei spanande utfordring med A-laget i 3. divisjon og andrelaget i 4. divisjon, seier Brenne.

Os 2 gjorde søndag somdamelaget ogA-laget alt har gjort - dei sikra opprykket. Tre seniorlag med opprykk på éin sesong er ikkje til å kimsa av.

– Det har vore ein utruleg bra sesong for vår del. Over all forventning. Vi hadde eit håp om at andrelaget skulle vera med og kjempa om opprykket. At dei klarte det søndag, er strålande, seier Brenne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os 2 sikra opprykket med 2-1-siger over Voss på Kuventræ. Det var eit andrelag prega av sentrale A-lagsspelarar.

– Det var litt spesielt nett denne kampen. Vi har rullert godt ved at dei som ikkje har spelt for A-laget, har spelt for Os 2. Det har vore eit sterkt og styrka samarbeid dei to laga mellom denne sesongen. Det skal det også vera framover, seier Brenne.

Dei to opprykka gjer at ungdomsspelarar som er i utvikling får eit høgare nivå å spela på - og eit betre tilbod. Eit betre tilbod blir også Os for nye spelarar.

– Vi blir meir attraktive i 3. divisjon. Det blir nok lettare å knytta til seg spelarar. Det vil bli ei utfordring å mønstra to slagkraftige lag sesongen gjennom. I år har vi vore heldige med skader. Vi må ha på plass nye spelarar. Vi har mange gode spelarar, men A-troppen må forsterkast for å vera meir konkurransedyktige i 3. divisjon. Det gjeld andrelaget også. Begge gruppene vil bli styrka, seier Brenne og legg til:

– Vi byggjer vidare på stamma som er, men det er alltid sunt med nye fjes og konkurranse. Det treng vi, seier Brenne.