Tommy Aasen og Karoline Sørstrønen då dei arrangerte Redd Barna Cup i 2014. I år er den fjerde cupen i rekkja i Søre Øyane, arrangert av lokale ungdomar. (Arkivfoto).
Tommy Aasen og Karoline Sørstrønen då dei arrangerte Redd Barna Cup i 2014. I år er den fjerde cupen i rekkja i Søre Øyane, arrangert av lokale ungdomar. (Arkivfoto).

- Det viste seg å bli ein folkefest

Tommy Aasen og resten av gjengen arrangerer i år Redd Barna Cup for fjerde året på rad. - Vi veks gradvis større, seier Aasen.

I 2012 fekk då 14 år gamle Aasen og nokre lokale ungdomar ein idé om å starta fotballcup. Sommaren etter såg Redd Barna Cup dagens ljos.

- Det viste seg å bli ein folkefest. Vi som arrangørar kunne ikkje vore meir nøgde, og vi fekk ros frå dei påmelde og dei som berre vitja cupen, seier Aasen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil utvida med åra

Sidan har cupen vakse gradvis, både i talet påmelde og sjølve arrangementet med utvida aktivitetar og program. I fjor var talet påmelde dobla i forhold til i 2014.

- Det er stor aktivitet her under Redd Barna Cup, med fotball, volleyball, grilling og leik og moro med blant anna hoppeslott. Det er mulig vi kjem til å lansera fleire aktivitetar i år. Det kjem vi i alle fall til å gjera på sikt, seier Aasen.

Førstemann til mølla

I Redd Barna Cup er det ei arrangør-gruppe på tolv personar. Fire ungdomar, som har vore med sidan starten, står framleis i spissen for arrangementet. Dei har med seg åtte vaksne. Nytt av året er at barnefotballen berre er for inviterte lag.

- Det var veldig stor pågang i fjor. Vi måtte stoppa påmeldinga før fristen gjekk ut. Difor har vi valt å invitera lag i år i staden.

Gatecupen blei også fylt opp ei stund før arrangementet tok til.

- Gatecupen er for dei som er 15 år og eldre. Der blei det fullt nokre dagar før. Her gjeld førstemann til mølla-prinsippet. Vi merkar heilt klart at det er størst pågang mot slutten. Det kan vera lurt å vera tidleg ute, seier Aasen.

Stor gjevarglede

Arrangørane arbeider på frivillig basis, og legg ned eit godt stykke arbeid for å skapa folkefest i Søre Øyane.

- Vi ønskjer å få fram at vi er utruleg takksame for alle dei gode støttespelarane våre. Det er stor gjevarglede, og vi hadde ikkje kunna arrangert cup utan dei. Det er alltid rom for fleire støttespelarar. Ta gjerne kontakt om de vil vera med på laget, seier Aasen og smiler.