Kine Thorsvik (t.h.) skåra 1-0 målet til Os mot Bjarg søndag.
Kine Thorsvik (t.h.) skåra 1-0 målet til Os mot Bjarg søndag.

Eitt poeng unna opprykk

Etter 2-1 mot Bjarg i helga har Os/Nore Neset-damene ti sigrar på rad, og er no berre poenget unna opprykk til 3. divisjon.

– Når vi berre er eitt poeng unna opprykk med tre kampar att, kan vi seia at det har vore ein god sesong så langt, seier trenar Stian Kvåle.

– Eitt poeng på tre kampar klarar de vel?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det bør gå. Vi er i flytsonen, men ein veit jo aldri. Ein kan ikkje ta poenga på forskot.

Skåra på overtid

Det blei tre nye poeng heime mot Bjarg søndag, sjølv om prestasjonen ikkje var heilt topp.

– Vi gjer ein dårleg kamp. Eg såg lite att av det vi hadde snakka om og avtalt i garderoben før kampen. Det var ein jamn kamp, seier Kvåle.

Trenar for damelaget, Stian Kvåle, var ikkje nøgd med prestasjonen mot Bjarg på Kuventræ søndag, men han er svært nøgd med sesongen så langt.
Trenar for damelaget, Stian Kvåle, var ikkje nøgd med prestasjonen mot Bjarg på Kuventræ søndag, men han er svært nøgd med sesongen så langt.

Os skåra først. Kine Thorsvik sette eit frispark i mål vel ti minutt før pause. 1-0 stod seg til midtvegs i andreomgang.

– Vi gjorde det unødvendig spanande ved at dei fekk utlikninga. Vi var for slappe i duellspelet på eit hjørnespark og blei straffa for det, seier Kvåle og legg til:

– Utlikninga såg ut til å vekkja jentene litt, for vi skapte meir dei siste 20 enn vi gjorde på dei første 70 minutta. Vi bomma åleine med keeper og hadde eit skot i tverleggjar før målet kom på overtid. Vy Nguyen la inn frå høyre. Der blei det ei avslutning før Celina Døsen fekk sett ballen i mål på returen.

To lag skal opp

Det er to lag som rykkjer opp, og i skrivande stund er det Os som toppar tabellen fem poeng framfor Krabbetor med ein kamp meir spelt. Bremnes liggpå tredjeplass med 25 poeng, åtte poeng bak Os. Torsdag kan damene sikra opprykket i borteoppgjeret mot NHH. Skulle dei ikkje lukkast der, har dei to kampar mot Krabbetor å fiksa opprykket på.

– Det er Krabbetor som ligg nærast oss på tabellen. Det blir som to cupfinalar om ikkje vi lukkast torsdag, seier Kvåle.