Karol Zielinski hadde sine sjansar søndag kveld. Etter vel ein time banka han inn 2–0.
Karol Zielinski hadde sine sjansar søndag kveld. Etter vel ein time banka han inn 2–0.

Etter nokre justeringar, hadde Lysekloster full kontroll på Bergen Nord

Bortelaget yppa seg litt i starten, men dei blei eit par nummer for små mot Lysekloster.

– Dei skapte berre ein sjanse gjennom heile kampen, men vi gjev bort for mykje rom i førsteomgang, særleg i starten. Det måtte vi justera. For spelarane måtte dekkja unødvendig store rom til tider, seier Hetlevik og legg til:

– Vi hadde blitt straffa mot eit betre lag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bergen Nord sin sjanse kom på stillinga 0–0. Keeper Maciej Raniowski var med på notane, med ein kvalifisert redning.

– Utan ein god keeper, så hamner vi under der, seier Hetlevik.

Endeleg for Zielinski

Heimelaget kunne gå til pause med ei 1-0-leiing. Simen Næss kom åleine med etter vel ein halvtime og var iskald. Bortelaget hadde nokre dødballar, og tilløp til sjansar, men det blei ikkje stort ut av det. Næss sin spissmakker for kvelden, Karol Zielinski, hadde sine sjansar i førsteomgang, men verka ikkje heilt ha dagen framfor mål. Slik såg det ut til ei stund ut i andreomgang også. Men målet skulle koma. Angrepet starta og regissert av Alonso Sanchez på midtbanen, enda opp med at Sanchez fann Zielinski med ein ball 45 grader ut i feltet. Der fann han Zielinski som banka ballen i mål. Då hadde dei spelt 58 minutt.

Lysekloster-keeper Maciej Raniowski, som ein berre ser handa til i høgre biletkant, med ein strålande reaksjonsredning på headinga frå fire meter.
Lysekloster-keeper Maciej Raniowski, som ein berre ser handa til i høgre biletkant, med ein strålande reaksjonsredning på headinga frå fire meter.
Redninga kom på stillinga 0–0. – Utan ein god keeper, hamner vi under der, seier Ruben Hetlevik.
Redninga kom på stillinga 0–0. – Utan ein god keeper, hamner vi under der, seier Ruben Hetlevik.
Martin Pedersen kom inn etter 82 minutt og skåra tre minutt seinare. Både han og Denis Ljubovic stod heilt umarkerte på hjørnesparket.
Martin Pedersen kom inn etter 82 minutt og skåra tre minutt seinare. Både han og Denis Ljubovic stod heilt umarkerte på hjørnesparket.
Dommaren bles frispark. Til feil lag meinte Ruben Hetlevik tilsynelatande.
Dommaren bles frispark. Til feil lag meinte Ruben Hetlevik tilsynelatande.

Ser ikkje på tabellen

Lysekloster held fram med å pressa høgt og let ikkje bortelaget få fred med ballen. Zielinski fekk seg ein sjanse til, men skotet gjekk over. Etter 82 minutt blei han byta ut til fordel for Martin Pedersen. Han trong ikkje meir enn tre minutt på å markera seg. Spissen fekk stå heilt åleine på eit hjørnespark og heada inn 3–0. Pedersen hadde to sjansar til i løpet av dei knappe ti minutta han fekk, men det blei med eitt mål i kveld.

– Eg er nøgd med at alle tre spissane skårar i dag, seier Hetlevik, som er meir nøgd med det Lysekloster presterte framover på banen enn bakover, trass i at bortelaget nesten ikkje skapte noko.

– De har hamna litt bak toppen etter ein variabel start på sesongen. Kva tenkjer du om å ta att dei der framme?

– Vi ligg vel åtte poeng bak no, men tabellen bryr eg meg ikkje stort om før det står att tre-fire kampar. Det er då det gjeld. Det var større avstand opp i fjor med åtte kampar att, men då leia vi serien med tre kampar att. Vi får heller telja opp og sjå på det etter at vi har møtt alle laga, og finna ut kva vi må retta opp i til hausten, seier Hetlevik.