Over 120 born tok del i barneskirennet på golfklubben laurdag. Sjå stor biletserie.
Over 120 born tok del i barneskirennet på golfklubben laurdag. Sjå stor biletserie.

Fantastisk barneskirenn på golfbanen

På få dagar blei over 120 born påmeldt til barneskirennet på Bjørnefjorden Golfklubb. Det som blei omtala som eit prøveprosjekt blei ein braksuksess.

– Måndag tok vi avgjerda om å arrangera skirennet. Onsdag starta vi å laga til løyper, og torsdag starta påmeldinga. Utruleg kjekt at så mange ønskte å vera med, og at det er så mykje folk her, seier Per-Ove Bahus Lysvold, dagleg leiar i Bjørnefjorden Golfklubb.

To løyper

Bahus Lysvold tek ikkje i når han seier at det var mykje folk. På god avstand var det lett å få auge på den store folkemengda som var samla i startområdet. Dei som var litt seint ute, fekk ikkje parkering, og måtte parkera eit stykke unna.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi er glade for at det var fleire som køyrde i lag, elles hadde vi fått eit problem med parkeringa. Vi fekk nesten plass til alle, seier Bahus Lysvold.

Rennet var for born i alderen 5 til 12 år. Borna frå 5 til 10 år, gjekk ei løype på 500 meter, medan resten gjekk 1,3 kilometer.

Bahus Lysvold kalla det eit prøveprosjekt, men slik han ordlegg seg, kan det verka som at han alt har starta planlegginga for barneskirennet 2019.

– Då vil vi ha snøscooter og tråkkemaskin for å laga skikkelege løyper. Vi har god dialog med friidrettsgruppa i Os Turn. Dei er proffe på tidtaking, så til neste år kan det henda at vi får tidtaking på kvar enkelt deltakar.

Nytt renn neste helg?

Golfklubben har fått god drahjelp for å kunna arrangera barneskirennet.

– Eg tok først kontakt med aktivitetskoordinator i Os kommune, Grete Byrkjeland. Ho likte ideen godt, og hjelpte meg med å koma i kontakt med fleire i kommunen som også ville hjelpa til. I tillegg til å låna ein del utstyr, har vi fått mange gode tips og råd frå friidrettsgruppa. Kommunen har stått for startnummer, diplom og premiar, fortel Lysvold.

Alt neste helg kan det bli arrangert eit nytt skirenn på golfbanen.

– Vi har 250 mål, så vi kan laga ein god skiløype. Om vêret held seg og snøen blir liggjande, kan det bli skiorientering med orienteringsklubben i Os neste helg, seier Bahus Lysvold.