Mats Cato Moldskred skåra Os sitt tredje mål i kampen mot Vestsiden-Askøy i ettermiddag.
Mats Cato Moldskred skåra Os sitt tredje mål i kampen mot Vestsiden-Askøy i ettermiddag.

Fekk hol på byllen i andre omgang

– Sjølv om det buttar litt i første omgang, held vi fram med å mala på. Til slutt sprekk Vestsiden-Askøy, og då har dei ikkje sjans.

Slik oppsummerer trenar Tim Henrik Sperrevik Os sin bortekamp mot Vestsiden-Askøy i ettermiddag.

Os låg under 0–1 til pause, men tok til slutt ein komfortabel siger, 4–1.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi køyrde på frå start til slutt. Det tok si tid før vi fekk ballen i mål, men vi kunne absolutt ha vunne med eit betydeleg høgare siffer, trur Sperrevik.

– Lagsiger

Det første målet var signert Marius Mikkelsen. Han trefte nettmaskene etter 63. minutt. Berre to minutt seinare skreiv Christoffer Hafsås seg på skåringslista. Deretter følgde Mats Cato Moldskred og Vegard Strønen Skeie etter.

– Vi møtte eit lag som var ganske direkte. Vi stanga i mot i første halvdel av kampen, men fortsatte med å mala på. Når det til slutt sprekk, har ikkje Vestsiden-Askøy ein sjanse, seier Sperrevik og kallar sigeren ein lagsiger.

Trenar Tim Henrik Sperrevik er svært nøgd med spelarane sin innsats. – Det var ein lagsiger, seier han.
Trenar Tim Henrik Sperrevik er svært nøgd med spelarane sin innsats. – Det var ein lagsiger, seier han.

– Vi står saman frå kampen startar til han sluttar, seier han.

I dag er trenaren mest nøgd med at sjølv om banen er humpete, og jobben hard, så vert ikkje spelarane frustrerte.

– Vi held fram med å jobba, og stolar på at måla til slutt kjem, seier han.

Neste laurdag møter Os Loddefjord på Alvøen kunstgress.

camilla.kvamme@osogfusa.no