Ingenting er som å få ein god klem av mor etter ei lang heimreise.
Ingenting er som å få ein god klem av mor etter ei lang heimreise.

Flesland tok av då Kongen kom heim

Etter at pressen hadde fått sitt, fann endeleg Sverre Lunde Pedersen mor og far i den store folkemengda som hadde møtt opp for å ynskja han og Sindre Henriksen velkommen heim.

– Har du det bra, spør Jarle Pedersen.

– Eg har det bra, seier Sverre, etter å ha fått ein god klem av foreldra Martha og Jarle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Himmelsk

Familien møtte på Flesland, men dei var langt ifrå dei einaste. Eit stort pressekorps, venar og kjende, representantar frå både Os og Bergen kommune, samt nysgjerrige passasjerar hadde samla seg kring trappa kor OL-heltane skulle koma ned. Super-supporterane Brynjar Øvstedal og John Lepsøy var sjølvsagt på plass.

– Dette er ei enorm oppleving, seier Brynjar.

– Det er himmelsk. Det å få oppleva dette før ein går “i pennalet”, er fantastisk, seier John og ler.

Sindre Henriksen var glad for å sjå at så mange hadde ønskte å ta dei imot på Flesland.
Sindre Henriksen var glad for å sjå at så mange hadde ønskte å ta dei imot på Flesland.
Sverre-supporterane var klare godt i førevegen.
Sverre-supporterane var klare godt i førevegen.
Superlativa sat laust hjå Brynjar Øvstedal og John Lepsøy.
Superlativa sat laust hjå Brynjar Øvstedal og John Lepsøy.
Sindre Henriksen viste at han kan meir enn berre å stå på skøyter.
Sindre Henriksen viste at han kan meir enn berre å stå på skøyter.
Det var mange som ville ha to ord med OL-heltane.
Det var mange som ville ha to ord med OL-heltane.

– Stort å sjå Håvard gå

Kong Sverre synest det var spesielt, kjekt og litt overveldande å møta den store folkemengda på Flesland.

– Eg høyrde rykte, og las på nett at det var planlagt noko, seier han og smiler.

– Høgdepunktet var å gå heilt til topps i lagtempo. Gull er ekstra spesielt. 5.000-meteren var også veldig kjekt. Eg hadde i grunn berre gode dagar i OL, seier Sverre, som la til at han var utruleg imponert over gullet som kompisen Håvard Holmefjord Lorentzen tok på 500-meteren.

– Det er sjukt imponerande. Det var ikkje mange som trudde at han ville klara å ta koreanaren som gjekk så raskt. Eg trudde heller ikkje at han kom til å klara det, men det gjorde han altså. Det var stort å sjå Håvard gå, seier Sverre.

Roleg feiring i kveld

Sverre skulle ha ein roleg kveld med kjærasten og familie. Ein roleg kveld skulle også Sindre Henriksen ha, som var utruleg glad for å sjå kor mange som hadde møtt opp på Flesland.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er herleg å sjå at så mange bryr seg. No skal eg heim til kjærasten og kosa meg. Det blir ein roleg feiring. Vi er ikkje heilt ferdige med sesongen. Etter sesongen skal vi ha ein ellevill feiring, seier han og smiler.