Nore Neset/Os J 15s førstelag som tok sølv i fjorårets KM.  - Vi er to lag, men alle er like viktige og velkomne, uansett nivå, seier lagleiar Morten Døsen. (Arkivfoto)
Nore Neset/Os J 15s førstelag som tok sølv i fjorårets KM. - Vi er to lag, men alle er like viktige og velkomne, uansett nivå, seier lagleiar Morten Døsen. (Arkivfoto)

Fotballjentene har spelt inn eigen låt

Kan «Det blå toget» hjelpa Nore Neset/ Os jenter 15 til siger i Norway Cup?

Det trur i alle fall fotballjentene vi har snakka med.

– Det er skikkeleg kult å ha sin eigen song. Eg satsar på at vi skremmer motstandaren litt når den rungar over Ekebergsletta, ler midtstoppar Thale Strønen Skeie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Verken ho eller lagveninne og sentral midtbane, Inger Christine Foldrup, legg skjul på at dei er «veeeldig sugen» på å vinna årets Norway Cup etter fjorårets litt forsmedelege fjerdeplass.

– Vi skal spela songen både før og etter kampane, lovar Inger Christine.

Initiativet til ein eigen song kom frå jentene sjølv, i fylgje lagleiar Morten Døsen.

Fleire av Nore Neset/Os jentene var med og vann skulecupen for nokre veker sidan. Thale Strønen Skeie står til venstre for nummer fire og solist Celina Døsen jublar med armane over hovudet. (Arkivfoto)
Fleire av Nore Neset/Os jentene var med og vann skulecupen for nokre veker sidan. Thale Strønen Skeie står til venstre for nummer fire og solist Celina Døsen jublar med armane over hovudet. (Arkivfoto)

– Så då var det ikkje anna å gjera enn å laga ein.

Lokal låtskrivar

Opggåva gjekk til Steinar Lyssand som har skrive og produsert «Det blå toget». Men Døsen og hovudtrenar Ørjan Sandal har kome med innspel og tilbakemeldingar.

– Det var nokre ting som måtte vera med i teksten. Slik som linja «Nore Neset jenter og jenter ifrå Os», forklarer han.

For sjølv om laget heiter Nore Neset, kjem alle dei tilsaman 37 jentene frå heile Osbygda.

– Vi ville ha ein song som kan brukast av alle fotballjenter i Os. Ikkje berre dette laget. Det trur eg vi har fått til, seier Døsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Møtt mykje motstand

Det er spiss Celina Døsen, som er solist på «Det blå toget». Noko ho vedgår at ho var nervøs for.

– Eg song mykje på barneskulen og tok songtimar eit heilt år før eg brått slutta for nokre år sidan. Det var ei utfordring å ta opp mikrofonen igjen, men veldig gøy, og eg har fått mange gode tilbakemeldingar. Steinars låt er jo veldig bra, smiler ho.

– Og ein ting til, eg lovar at vi ikkje går av banen på Ekeberg før vi har vunne!

Den sterke 2003-årgangen har trent knallhardt det siste året og møtt tøff motstand.

– Men det gjer oss berre ekstra godt førebudde, seier Thale.

Skikkeleg stilig!

Spiss Andrine Kvittingen er på hytteferie på Sørlandet og gjekk dermed glipp av innspelinga av «Det blå toget». Ho er likevel stolt av kva resten av gjengen har fått til.

– Absolutt. Resultatet var overraskande bra. Det er heller ikkje så vanleg at eit lag har sin eigen song. Det er faktisk skikkeleg stilig.

Sandal med ny låt

Tilbake på Nore Neset går Ørjan Sandal rundt og tenkjer på den planlagde oppfylgjaren til «Det blå toget».

Artikkelen held fram under annonsen.

Sandals tekst «Fotballformen» har førebels ikkje fått nokon melodi, men planen er at Steinar Lyssand skal hjelpa her også.

– Kall den gjerne ein variant av Mads Hansens «Sommerkroppen», ler Døsen.

Boost i laget

Oppkøyringa til Norway Cup er uansett i full gang. Mellom anna har laget kjøpt inn to

høgtalarar før Oslo-turen.

– Jentene har spleisa slik at vi kan høyra på både vår eigen song og annan musikk før kampane så både Nore Neset/Os 1 og Nore Neset/Os 2 skal bli lagt merke til. Det skaper ein skikkeleg boost i laget, fortel han.

anne-marie@osogfusa.no