Håvard Holmefjord Lorentzen tok eit svært overraskande gull på 500-meteren i dag.
Håvard Holmefjord Lorentzen tok eit svært overraskande gull på 500-meteren i dag.

Gull og ny olympisk rekord til Lorentzen!

Håvard Holmefjord Lorentzen gjekk styggfort og tok eit svært overraskande gull – og sette ny olympisk rekord på 500-meteren i dag.

Det er berre to og eit halvt år sidan Lorentzen skar opp leggen sin etter eit fall på skøyter, og måtte gjennom fleire operasjonar for å få orden på foten. Lorentzen har for alvor kome seg til hektene igjen, og har levert fleire gode prestasjonar i vinter, som hans aller første verdscup-siger på 500 meter i Heerenveen i november, og i dag overraska han heile verda med å gå inn til OL-siger på 500-meteren i OL i Pyeongchang. Gull på 500 meter har ingen nordmenn klart i eit OL sidan Finn Helgesen i 1948.

Klart best i avslutninga

Lorentzen gjekk i par 16 av 18, og tida han måtte slå var 34.42. I siste sving hadde han stor fart og kom langt over i den andre banen. Moglegvis tapte han litt på det, men han klarte å kryssa mållina på tida 34.41 – eitt hundredel raskare enn Cha Min Kyu frå Sør-Korea. Lorentzen måtte så venta i spenning medan dei to siste para gjekk. Fleire av dei fire siste konkurrentane hadde gode tider undervegs – betre tid enn Lorentzen, men ingen klarte å matcha avslutninga. Nærast av dei fire var finnen, Mika Poutala, men tida 34.68 var berre godt nok til ein fjerdeplass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lorentzen sikra dermed medaljegrossisten Noreg nok eit gull i ein svært vellukka meisterskap.

Tårene trilla i Fusa

Os & Fusaposten-journalist Anne Marie Aarøen Vangsnes var på besøk hos besteforeldra til gullvinnaren, Magnhild og Trygve i Eikelandsosen, då løpet gjekk. På førehand håpa Magnhild på medalje til barnebarnet, men ho fekk eit aldri så lite sjokk då han vann.

Trygve blei veldig rørt og tårene trilla, samstundes som gratulasjonsmeldingane tikka inn på telefonen.

Det er ikkje kvar dag ein halvtfusing tek gull på 500-meter skøyter i OL. Fusa ordførar Atle Kvåle heisa flagget ved kommunetunet.
Det er ikkje kvar dag ein halvtfusing tek gull på 500-meter skøyter i OL. Fusa ordførar Atle Kvåle heisa flagget ved kommunetunet.

Fusa-ordførar Atle Kvåle, var nok ein av mange tok av då Lorentzen sikra gullet.

– Det er heilt fantastisk. Det er heilt rått. Vi har heisa flagget på kommunetunet, seier han.

– Var det Fusa-genane som sikra gullet?

– He-he, ja, det var det. Det er ikkje ofte at Noreg tek gull på 500-meter i skøyter. Det er vel om lag 70 år sidan sist. Det var på tide. Dette er stort, seier Kvåle.