Christoffer Hafsås har skåra fire mål på dei siste to kampane. Han har førebels ikkje kontrakt med Os neste sesong.
Christoffer Hafsås har skåra fire mål på dei siste to kampane. Han har førebels ikkje kontrakt med Os neste sesong.

Hafsås sin siste kamp på Kuventræ?

Ei melding som blei lagt ut på Facebook, tydde på at Os sin siste heimekamp for året også var Christoffer Hafsås sin siste kamp på Kuventræ.

I gruppa “Hordalandsfotball – målservice” på Facebook kan ein følgja utviklinga i kampar i Hordaland. Blant kampane som blei oppdaterte var Os - Frøya, og i kommentarfeltet skreiv ein person: Får vi eit mål frå denne Christoffer Hafsås i hans siste heimekamp?

– Eg kjenner han som skreiv det. Han er ein god ven av meg. Det er ikkje tilfelle, seier Hafsås og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har ikkje kontrakt neste år. Vi har førebels ikkje hatt noko dialog om ny kontrakt. Først vil vi bli ferdige med sesongen. Eg reknar med at vi kjem til å snakka saman i november.

Vidare fortel spissen at han har trivst på Kuventræ.

– Det er ein kjempegjeng å spela fotball med og rykkja opp med.

Den store skilnaden på Os og konkurrentane

Os møtte laurdag Frøya, som ligg på 4. plass på tabellen. Det blei einvegskøyring i årets siste heimekamp.

– Vi har full kontroll. Dei har eitt skot på mål. Det kom etter 85 minutt. Vi leia 2–0 til pause. Vi var litt unøyaktige, men vi blei aldri trua av Frøya. Andreomgang blei som så mange andre andreomgangar i år. Laga vi møter klarer ikkje å halda distansen ut. Det har vore den aller største skilnaden på Os og motstandarane i år. Vi får etter kvart større rom og då kjem skåringane. Vi vinn 6-0, og vi var nærmare å skåra ti enn dei var å få seg eit mål.

Imponert av talet publikumarar

Os har hatt ein knallsesong som lag. Hafsås har til tider bidrege stort, men han har også fått sesongen litt spolert av skader.

– I sommar fekk eg ei hjerneristing som øydela mykje for den siste delen av sesongen. Eg skåra to sist og putta to i dag. Eg veit at når eg er skadefri så er eg ein bra fotballspelar. Det er kjekt å visa at eg framleis kan, seier Hafsås.

Det kom store mengde regn under kampen i dag. For spelarane gjer det kanskje ikkje så mykje, men for tilskodarar utan tak er det verre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kom faktisk 100–150 publikumarar i dag. Det er imponerande. Dei kjem og ser kamp ein laurdag i det vêret som var. Det er fantastisk, seier Hafsås.