Håkon Fagerbakke Kvittingen (24) og Frode Moberg Øvredal (22) hadde spelt til saman nesten 25 år for Os før dei gjekk til Lysekloster i 2016. No er dei tilbake på Kuventræ.
Håkon Fagerbakke Kvittingen (24) og Frode Moberg Øvredal (22) hadde spelt til saman nesten 25 år for Os før dei gjekk til Lysekloster i 2016. No er dei tilbake på Kuventræ.

Håkon og Frode vender heim

Kompisane Frode Moberg Øvredal (22) og Håkon Fagerbakke Kvittingen (24) gjekk samstundes frå Os til Lysekloster i 2016. No er begge tilbake i gult og svart.

Sommaren 2016 valte både Øvredal og Kvittingen å gå frå Os til Lysekloster. Grunnen til klubbskifte for dei begge var ganske så lik.

– Vi følte oss oversett i Os. Eg fekk beskjed vinteren før eg gjekk at eg kunne finna meg ein annan klubb om eg ønskte det. Eg valte å jobba for å koma meg inn i laget. Då sommaren kom var eg lei av korleis ting blei gjort, og gjekk til Lysekloster, seier Frode.

Artikkelen held fram under annonsen.

Håkon fekk den same beskjeden som Frode.

– Trenarane til Os ønskte å satsa på andre spelarar. Eg ville prøva noko nytt og få ein ny start. Det har vore ei fin tid i Lysekloster. Eg har ikkje fått spela fast, men vi har trent og spelt med mange gode fotballspelarar og utvikla oss. Ikkje berre som fotballspelarar, men også som personar.

Ønskjer å få tilbake spelegleda

– Kva er grunnen til at de no vel å gå tilbake til Os?

Håkon og Frode gler seg til å ta fatt på sesongen med Os.
Håkon og Frode gler seg til å ta fatt på sesongen med Os.

– Det er fleire grunner til det. Eg ønskjer å spela. Det har eg ikkje gjort så ofte i Lysekloster. Det er om lag fire år sidan eg stod fast, seier keeper Frode, og legg til:

– Eg ønskjer å få tilbake spelegleda.

Håkon har vore lenge i tenkjeboksen om framtida. Skulen tek mykje tid, og han fann ut at han ikkje lenger kunne kombinera skule og satsing på Lysekloster sitt A-lag.

– Løpet til Os passar meg betre enn Lysekloster sitt. Det er kortare reiseveg til trening. Lysekloster trenar også ein del i Vestlandshallen om vinteren. Det er også kortare reiseveg til kampane. Det var ein viktig grunn til at eg valte Os. Eg var usikker på om eg skulle halda fram med fotball, men det er vanskeleg å halda seg unna, seier han og smiler.

Ikkje bekymra for framtida til klubben

Etter å ha trent med klubben ei stund, har dei fått gode inntrykk av trenarteamet og spelargruppa.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi kjenner mange i laget. Det har vore nokre utskiftingar, men miljøet og samhaldet i gruppa er like godt som det var før, seier Frode.

– Det verkar som at dei har noko spanande på gang. Kvile (Os-trenar Karl Kvile journ.mrk.) har ein klok måte å tenkja fotball på, seier Håkon.

– Kva tenkjer de om at Os rykte ned i fjor, og måten det skjedde på?

– Eg forstår at trenarane valte å gjera det på den måten som dei gjorde i den siste kampen, men eg er ikkje einig i måten dei løyste det på. Det må klubben ta konsekvensen av no, seier Frode.

Håkon seier at han synast det var trist for klubben sin del, og alle dei han kjenner som spelar på laget, at det blei nedrykk.

– Det var nok eit resultat av ei satsing som ikkje heilt fungerte. Det kan moglegvis gjera klubben godt å få ein liten knekk og byggja seg opp att. Klubben har produsert flinke fotballspelarar, men ein må ha ein balanse mellom fokus på ein bestemt måte å spela på og det å få resultat, seier han og legg til:

– Eg er ikkje bekymra for framtida til klubben. Det er mange gode rutinerte spelarar, og særleg mange gode unge fotballspelarar på Kuventræ. Os høyrer ikkje heime i 4. divisjon.

Skal spela med veslebror

I Os skal Håkon nok ein gong spela på lag med veslebroren Sander.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Er han ein del av grunnen til at du valte Os?

– Det er kjekt å spela med han. Nett no er han skada. Det må no vera minst ein Kvittingen i aktivitet på Kuventræ, seier Håkon og smiler.

– Eg og Sander har spelt saman i mange år. Det er keisamt at han er skadd igjen. Han har jobba hardt for å trena seg opp igjen etter den stygge skaden som heldt han borte frå fotball i store delar av førre sesong. Han har nok aldri vore i så god fysisk form som no. Han slit med væskesamling i leggene. Satsar på at han snart er tilbake.

Neste kamp for Os går onsdag borte mot Austevoll i andre kvalifiseringsrunde til NM. Sesongen blir opna borte mot Fyllingsdalen 2 måndag 9. april.