Først bomma Christoffer Hafsås på ballen, men på andre sjanse svikta han ikkje - og fekk ballen over mållina.
Først bomma Christoffer Hafsås på ballen, men på andre sjanse svikta han ikkje - og fekk ballen over mållina.

Hat-tricket ville seg ikkje

Os hadde få problem mot Telavåg i kveldssola på Kuventræ fredag. Christoffer Hafsås noterte seg for to mål i 4-1-sigeren, og meldingane han kom med på banen viste tydeleg at han var sugen på eit hat-trick.

Hafsås var tydeleg frustrert då lagkameratane gjekk for skåring sjølv, og han følte at han var i betre posisjon – eller berre at han ønskte å få høve til å skåra. Då det var pause i spelet i andreomgang, var han borte hjå dommaren og bad han om å passa på å leggja til tid for alle byta.

– Det er klart eg ønskte å skåra eitt til. To mål er bra, men som spiss har ein alltid lyst på eit hat-trick, seier Hafsås, som meiner at Os berre kan vera halvvegs nøgde med gjennomføringa fredag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi kunne ha spelt betre. Tendensane er der, men vi rotar og stressar for mykje. Dei blei redusert til ti mann også, men det klarte ikkje vi å utnytta særleg, seier Hafsås.

– Alt er gløymd etter kampen

– Du verka irritert både på lagkameratar og motspelarar til tider. Kvifor?

– Det kom nokre meldingar då eg ikkje ballen då eg følte at dei burde ha sentra. Det som skjedde då eg skåra mitt første for kvelden, var at forsvarsspelaren sparka ballen i meg med vilje. Då blir ein irritert. Han stod rett oppi meg også. Heilt klart med vilje, seier Hafsås og legg til:

Innlegget frå Endre Brenne fann pannebrasken til Christoffer Hafsås, som skåra sitt andre for dagen. Keeper bomma heilt.
Innlegget frå Endre Brenne fann pannebrasken til Christoffer Hafsås, som skåra sitt andre for dagen. Keeper bomma heilt.
Øystein Takle Eide sytte for 1-0 til Os tidleg i kampen.
Øystein Takle Eide sytte for 1-0 til Os tidleg i kampen.
Steffen Ljosheim kom inn frå benken, og hadde fleire sjanser til å skåra. Det ville seg ikkje i kveld.
Steffen Ljosheim kom inn frå benken, og hadde fleire sjanser til å skåra. Det ville seg ikkje i kveld.
Innbytar Fabian Bødtker kom på eit langt løp, og bestemte seg for å skyta sjølv. Han lukkast nesten.
Innbytar Fabian Bødtker kom på eit langt løp, og bestemte seg for å skyta sjølv. Han lukkast nesten.
Sander Fagerbakke Kvittingen kom til fleire sjanser i kveld, men han hadde ikkje heilt dagen framfor mål.
Sander Fagerbakke Kvittingen kom til fleire sjanser i kveld, men han hadde ikkje heilt dagen framfor mål.
Os-trenar Tim Henrik Sperrevik var nøgd med at laget fekk tre poeng, men ikkje med prestasjonen.
Os-trenar Tim Henrik Sperrevik var nøgd med at laget fekk tre poeng, men ikkje med prestasjonen.
Mats Cato Moldskredd er ute med ein strekkskade, og måtte sjå kampen frå tribunen.
Mats Cato Moldskredd er ute med ein strekkskade, og måtte sjå kampen frå tribunen.

– Men det er ting som skjer i kampens hete. Etter kampen er alt gløymd. Eg er nøgd med at eg klarte å la vera å klaga på dommaren i dag. Eg fekk ikkje gult kort, seier han og smiler.

Ingen god kamp

Hafsås var ikkje nøgd med det Os presterte spelemessig i kveld. Særleg nøgd var nok heller ikkje Telavåg sin trenar. Bortelaget produserte ein sjanse heile kampen. Den klarte dei til gjengjeld å skåra på, noko som irriterte Os-trenar Tim Henrik Sperrevik.

– Det irriterer meg grådig at vi klarte å sleppa inn mål. Dei hadde ein sjanse og skåra. Vi har hatt fokus på det defensive. Det var surt at dei skåra, seier Sperrevik som er nøgd med tre poeng, men ikkje med gjennomføringa av kampen.

– Vi vann, men det var temposvakt og mange personlege feil som har med konsentrasjon å gjera. Eg skal ikkje klaga for mykje. Vi vann, men det var ingen god kamp av oss.

Kunne vore meir til pause

Øystein Takle Eide gav Os leiinga tidleg i kampen, då han kom skrått inn frå sida etter å ha spelt vegg. Takle Eide gjorde ingen feil, og heimelaget var i leiinga. To minutt seinare stod det plutseleg 2-0, då Rafael Villen Villen fekk ein enkel jobb med å setja ballen i mål. Os produserte ei rekkje sjansar vidare i omgangen. Sander Fagerbakke Kvittingen fekk sin største sjanse i førsteomgang, men han etter flott spel på høgresida og eit godt innlegg, klarte ikkje Kvittingen å treffa ballen reint – og kula gjekk utanfor mål. Same mann fekk ein ny sjanse sekund før pause, men heller ikkje då sat avslutninga som ho skulle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brenne fann Hafsås

Andreomgang var få minutt gamal då Os rulla opp eit fint angrep på venstresida. Ballen gjekk inn i feltet til Hafsås som først bomma på ballen, får han på neste forsøk fekk ballen i nota. Då verka kampen vera køyrd. Men Telavåg tente eit lite håp etter kring 12 minutt spelt av andreomgang. Då kom den einaste sjansen deira. Ein sjanse som blei omset i skåring. Nærmare kom dei aldri. Då Os-stopparen sat inn ein fantastisk takling nede ved hjørneflagget, klikka det for Martin Cindahl som følte at taklinga var stygg. Han svara med å sparka Skeie i ryggen, og fekk direkte raudt kort.

Os fekk så ei rekkje gode sjansar til å pynta ytterlegare på resultatet. Innbytarane Steffen Ljosheim og Fabian Bødtker hadde begge sine sjansar, men det blei med nesten. Det var Hafsås, som skulle få siste skåringa for kvelden. Os-spissen klaga stundom på dårleg leveranse på cornerane og innlegg. Os-stoppar Endre Brenne fann ut at han skulle ta eit hjørnespark, for å sjå om han kunne treffa betre. Brenne sitt innlegg trefte rett på pannebrasken til Hafsås som kunne hedda ballen i det tomme buret – då keeper var på bærtur.

Os toppar tabellen med 22 poeng på ni kampar. Fyllingsdalen 2 kan gå forbi, då dei er eitt poeng bak med ein kamp mindre spelt. Lyngbø på tredjeplass har også ein kamp mindre spelt. Dei ligg tre poeng bak.