Det var ikkje berre dei unge friidrettsentusiastane i Lysekloster Idrettslag som leverte i sesongopninga i helga. Vêret var også strålande.
Det var ikkje berre dei unge friidrettsentusiastane i Lysekloster Idrettslag som leverte i sesongopninga i helga. Vêret var også strålande.

Heldige med vêret – presterte i øvingane

Lysekloster imponerte då friidrettssesongen starta med Karabinlekene på Fana Stadion i helga.

– Sjølv om vi tjuvstarta sesongen med opningsstemnet til Søfteland TIL førre måndag, er Karabinlekene sesongens første store stemne. Saman med godt over 500 andre deltakarar frå klubbar i heile landet, hadde Lysekloster med ein fin gjeng rekruttar og 11-åringar, fortel Maria Bos.

Hard konkurranse

Utøvarane frå klubben leverte i dei ulike øvingane i sola på Fana Stadion. Det blei fleire pallplassar og personlege rekordar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Både Louis Eickhoff, Izabell Eriksen og Jennie Bos, alle i 11-års klassen, leverte flotte resultat og plasseringar i stemnet. Det er hard konkurranse i denne klassen, men dei klarte likevel å ta fleire pallplasseringar. Louis klemte til med sølv i liten ball (34,79 meter), sølv og personleg rekord i kule (7,42 meter) og sølv og personleg rekord på 80 meter (12,35 sekund). I tillegg blei det nesten personleg rekord og pallplass i lengde, fortel Bos.

Jennie Bos vann liten ball med ny rekord på 29,53 meter – heile sju meter framfor neste på lista.

– Under nesten perfekte løpsforhold på Fana, blei det også personleg rekord i fleire løpsøvingar. Izabell spran 60 meter på 9,73 sekund, medan Jennie fekk høvesvis 10,13, 13,12 og 34,04 sekund på 60, 80 og 200 meter. Jennie stilte også sporty opp som superreserve på Os Turns stafettlag då dei mangla ein løpar rett før start.

Framolekene er neste stemne

Lysekloster hadde også med seg fleire rekruttar. Dei deltok i 40 meter, lengde, liten ball og den litt uvanlege distansen for denne klassen; 400 meter.

– Alle leverte flott innsats og det blei sett ein drøss med personlege rekordar. Spesielt imponerande var det å sjå Herman og Haakon Onstad spurta forbi nesten heile feltet på oppløpssida på 400 meter, og setja nye personleg rekord med fleire sekund, seier Bos.

Neste stemne for friidrettsgjengen er Framolekene første helga i juni.

– Men før det skal vi arrangera Lysøen Rundt saman med Lysøens Venner. Håpar å sjå så mange på Lysøen søndag, seier Bos.