Det norske laget med beviset på at dei er verdas tredje beste ungdomslag i bridge.
Det norske laget med beviset på at dei er verdas tredje beste ungdomslag i bridge.

Historisk VM-medalje for Thea

I helga vart Thea Hove Hauge første osing til å ta medalje i eit VM i bridge.

Etter ei lang og svært tøff konkurranse-veke i Salomaggiore i Italia enda 18-åringen og resten av det norske laget opp med VM-bronse fredag kveld.

Thriller-kamp

Det edle metallet vart tildelt dei norske jentene etter ein svært så nervepirrande bronsefinale mot Indonesia.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noreg starta trygt og godt og drog godt i frå på dei første spela, men etter 42 spel snudde det dramatisk, og slutten av kampen vart etter kvart ein thriller. To rundar før slutt var heile den norske leiinga nær ete opp. Då klinte Thea og resten av laget til med eit kjempe-spel. Takk vere den gode nestsiste-runden vann dei norske jentene bronsefinalen 138-134.

Lang turnering

U-VM i bridge krev uthaldenheit og fokus. For Thea og det norske laget vart det ufatteleg mange kampar og spel.

I innleiande runde møtte dei samtlege av dei 12 andre landslaga. Kvar av rundane omfatta 14 spel.

Thea Hove Hauge vart i helga historisk, då ho som medlem av Os bridgeklubb tok den første VM-medaljen i historia.
Thea Hove Hauge vart i helga historisk, då ho som medlem av Os bridgeklubb tok den første VM-medaljen i historia.
U-VM i bridge er ikkje noko småtteri. Her er alle dei gode kortspelarane som var samla i Salsomaggiore i Italia.
U-VM i bridge er ikkje noko småtteri. Her er alle dei gode kortspelarane som var samla i Salsomaggiore i Italia.

I sluttspelet vart det 56 spel per kamp.

Noreg starta med å møta USA i kvarten. Her vart det suveren siger til Thea & co. I semifinalen møtte dei derimot sine overkvinner.

Nederland har vore verdas beste lag i ei årrekkje. Etter å ha grusa Noreg var det også dette laget som vann VM-gullet til slutt etter å ha slått Australia.