For nokre av dei yngste gutane, er gutehandballdagen det første skikkelege møte med handball. Her er dei i gang med skottrening.
For nokre av dei yngste gutane, er gutehandballdagen det første skikkelege møte med handball. Her er dei i gang med skottrening.

Høge svev på gutehandballdagen

Gutehandballdagen held fram med å vera ein suksess. – Denne dagen har definitivt hjelpt på rekrutteringa, seier Maj Cecilie B. Eriksen.

135 gutar var samla på Nore Neset på årets gutehandballdag. Over 30 frivillige stilte for å rettleia og ta vare på gutane. Maj Cecilie B. Eriksen er ein av dei frivillige. Ho fortel at det var litt færre påmelde i år fordi at Lysekloster skule ikkje hadde planleggingsdag.

– Vi arrangerer når skulane har planleggingsdag. Då får vi fleire til å ta del. Eit godt tilbod både til gutane og foreldra. Diverre hadde Lysekloster skule hadde byta planleggingsdag. Dermed fekk ikkje gutane i Lysefjorden ta del i år. Det er sjølvsagt keisamt, seier Eriksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gjev auka rekruttering

Målet med gutehandballdagen er å visa fram gutehandball og tilboda som er i kommunen. Dei to føregåande åra har gjeve god rekruttering.

– Sonen min på åtte år starta å spela handball etter gutehandballdagen i fjor. Vi har ikkje tal på kor mange gutar som har starta med handball på grunn av gutehandballdagen, men det er nok mange, seier Eriksen og legg til:

– Det var ikkje lag i sonen min sin aldersklasse tidlegare. No har dei fått det. Det blir også melda om at det er fleire unge gutar som startar på handball no, og eg veit at sonene til fleire i arrangementskomiteen starta etter fjorårets handballdag.

(
(
(
(
135 unge gutar var meldt på til årets gutehandballdag.
135 unge gutar var meldt på til årets gutehandballdag.
Gitte Torp og om lag 30 andre frivillige stilte for å rettleia og trena dei unge gutane.
Gitte Torp og om lag 30 andre frivillige stilte for å rettleia og trena dei unge gutane.
(
(
Maj Cecilie B. Eriksen er med som frivillig for første gong i år.
Maj Cecilie B. Eriksen er med som frivillig for første gong i år.
(
(
(
(

Dagen handlar om leik

I utgangspunktet skulle dagen bli arrangert i Oshallen og på Nore Neset, men nettopp fordi det var litt færre påmelde i år, flytta dei heile arrangementet til Nore Neset. Der brukte dei heile aktivitetshuset i tillegg til gymsalen på barneskulen.

– Vi fann ut at det var lettare å arrangera slik, seier Eriksen.

Gutane blei delt inn i grupper der dei øvde på alt frå skot- og koordinasjonstrening til leik.

– Det skal ikkje vera noko press på spel. Dagen handlar om leik, seier Eriksen.