Steffen Kvamsdal og lagkameratane møter Sotra finalen.
Steffen Kvamsdal og lagkameratane møter Sotra finalen.

I finalen i verdas største fotballturnering

Kolbotn var ingen match for Os-gutane, som med 4-0-sigeren er klare for finalen i Norway Cup.

Etter kvartfinalen mot Svelvik uttalte Os-trenar John Ole Johannessen at dei hadde full kontroll på den kampen. Ut ifrå meldingane til dei som ser kampen, og rapporterer på Facebook, såg det ikkje akkurat ut som om Os hadde mindre kontroll i semifinalen. Os tok leiinga etter ei skåring frå Trym Hjørnevik. Om lag ti minutt seinare, auka Alexander Tøssebro til 2-0 med det som skal ha vore ei perle av ei skåring. Stillinga stod seg til pause. I andreomgang skåra Hjørnevik sitt andre, og Os sitt tredje for kvelden, før Tøssebro også blei tomålsskårar på eit straffespark. Han fastsette sluttresultatet til 4-0 Dermed blir det eit Vestlandsderby i NC-finalen i Oslo. Sotra slo Austrheim og er klare for finalen dei også.