Sunniva Skåthun Berge, Birgitte Røssland Håvik, Mia Ragnhildstveit, Anders Røssland Håvik og Alexandra Isabel Eidem Molina.
Sunniva Skåthun Berge, Birgitte Røssland Håvik, Mia Ragnhildstveit, Anders Røssland Håvik og Alexandra Isabel Eidem Molina.

Ingen klarte å slå Eikelandsfjordens jenter 12

Det blei ingen ny fair play-pris, men jenter 12 frå Eikelandsfjorden fullførte Eat Move Sleep-cupen utan å tapa ein einaste kamp.

Kuventræ

Jentene, som vann fair play-prisen i fjor, opna med å slå Søre Neset 1-0, i ein kamp dei ifølgje seg sjølve, var klart best.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi eigde dei, seier Alexandra Isabel Eidem Molina.

Alexandra er eitt år eldre enn resten av jentene på laget, men ho har fått lov til å vera med likevel.

– Dei er heldige som får låna meg, seier ho, før ho ser på lagveninnene og smiler lurt.

Det var ikkje noko å seia på stemninga i Fusa-leiren.
Det var ikkje noko å seia på stemninga i Fusa-leiren.
Kampen mellom Eikelandsfjorden og Os 1 enda 2–2.
Kampen mellom Eikelandsfjorden og Os 1 enda 2–2.
Brynjar «Veggen» Øvstedal var i form.
Brynjar «Veggen» Øvstedal var i form.
Veggen fekk gult kort. Det tok både han og dommaren med eit smil.
Veggen fekk gult kort. Det tok både han og dommaren med eit smil.
Arne Thuen i klyv framover.
Arne Thuen i klyv framover.
Avdelingsleiar i Vartun, Arve Frostad, såg ut til å vera komfortabel på fotballbanen.
Avdelingsleiar i Vartun, Arve Frostad, såg ut til å vera komfortabel på fotballbanen.
Emil Reiten gjer seg klar til å ta eit frispark. Tor Arne Hitland følgjer med.
Emil Reiten gjer seg klar til å ta eit frispark. Tor Arne Hitland følgjer med.

Då Os & Fusaposten snakka med nokre av jentene, kom Sigrid Amelia Heidal bort. Ho fortalde at ho er fast keeper på laget.

– Er du flink i mål?

– Det er ikkje eg den rette til å svara på, seier ho.

– Ho er skikkeleg god, skyt lagveninnene inn.

Sigrid Amelia klarte å halda nullen i den første kampen. Seinare på dagen møtte fusingane erkerival Os 1, før dei avslutta mot Norheimsund. I ein tekstmelding fortel lagleiar Monica Røssland Håvik at det blei to spanande kampar. Oppgjeret mot Os enda 2–2. I Norheimsund-kampen kom det heile seks mål broderleg fordelt mellom dei to laga.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eat Move Sleep-cupen på Os er ein utruleg kjekk cup, seier Røssland Håvik og legg til:

– Jentene er kjempenøgde.

84-åring i full strekk

Med over 150 påmelde lag er det rekorddeltaking under Eat Move Sleep-cupen til Os Turn i helga. Fotballcupen for aldersbestemte spelarar i alderen 6–12 år er blitt eit gigantisk arrangement dei siste åra. Bortimot 200 frivillige trer til for å få arrangementet til å gå så knirkefritt som mogleg. Dei mange fotballkampane trekte godt med tilskodarar, men kampen som trekte flest folk, var nok showkampen mellom kjendislaget og gatelaget med spelarar frå Livskvalitet på Vartun og Hassan El Fakiri. Kampen var underhaldande og målrik, og ingen av laga ønskte å tapa, sjølv om det berre var ein showkamp. Kampens høgdepunkt kom på stillinga 4–4 få sekund før sluttsignalet gjekk. Hassan El Fakiri var tydeleg svolten på siger, og fyrte i veg eit hardt og velplassert skot. I mål for kjendislaget stod John Lepsøy. 84-åringen kasta seg og fekk slått ballen vekk. Ein svært imponerande redning.

Held fram i morgon

Cupen på Kuventræ blir runda av med seriekamp for Os A-lag. Heimeoppgjeret mot Brann 2 er ope for alle som vil sjå. Men før den kampen skal det spelast mange, mange kampar mellom unge fotballentusiastar. Anders Røssland Håvik (10) frå Fusa heia i dag på søstera Birgitte Røssland Håvik (12) på Eikelandsfjorden jenter 12. I morgon er det hans tur til å sparka ball.

– Vi skal spela tre kampar i morgon, fortel han.

Anders og lagkameratane skal måla krefter med Os United, Flaktveit Villsau og Jada Tempo.