annonse

Intens andreomgang: – Veks opp. Veks opp!

I klinsj
I klinsj: Marius Mikkelsen var lite nøgd med korleis Fredrik Delikås oppførte seg på banen. (Foto: Benjamin Søgnen Olsen)
Ein gong til
Ein gong til: Delikås slengde ein kommentar mot Mikkelsen, som bad han seia det ein gong til. (Foto: )
: Frisk etter kvilen. Han måtte ta nokre pust i bakken til tider, men Mats Cato Moldskred var "på" i andreomgang. (Foto: )
Prøvde å roa ned
Prøvde å roa ned: Rafael Villen Villen prøvde å roa ned Delikås. (Foto: )
Solid kamp
Solid kamp: Anders Havsgård gjorde ein god kamp på høgrebacken. (Foto: )
God gjennomføring
God gjennomføring: Vegard Skeie gjorde nok ein god kamp i Os-forsvaret. (Foto: )

Det blei intenst på kunstgraset i andreomgang då Os tok i mot serieleiar Djerv 1919.

Benjamin Søgnen Olsen

Etter at det har regna nesten heile helga, blei det opplett og gode speleforhold på Kuventræ søndag kveld. Men det var nok ikkje mange som blei underheldt av det som skjedde på kunstgraset før kvilen. Os trilla mykje ball, medan dei prøvde å finna opningar i Djerv-laget, som såg ut til å kopiera spelestilen til Leicester frå gullsesongen, ved å gå for kontringar, og ved å satsa på dødballar. Bortelaget skapte ein halvsjanse før kvilen, men Os-keeper Chris Sunde Midtun redda greitt. Eit mønsterangrep etter 19 minutt, førte til at Djerv-keeperen måtte ut i full strekk på ei Marius Mikkelsen-avslutning. Os hadde også ein brukbar sjanse til, men meir var det ikkje å skriva heim om.

Ampert i andreomgang

Etter kvilen fekk publikum meir å snakka om. Bortelaget flytt laget høgare i jakta på tre poeng. Sjølv om heller ikkje andreomgang blei ein sjansebonansa, var dei haugevis av duellar, og spelarar som låg nede. Det var ampert mellom spelarane til tider og dommaren fekk ein del å hengja fingrane i. Då sluttsignalet gjekk, hadde Os-kaptein Marius Mikkelsen tydeleg fått nok av motspelar Fredrik Delikås.

– Veks opp. Veks opp, sa Mikkelsen medan dei to tok kvarandre i hendene.

Det har ikkje lukkast Os & Fusaposten å få ein kommentar frå Mikkelsen etter kampslutt.

Djerv 1919 toppar framleis tabellen. Dei litt eitt poeng framfor Vard-Haugesund, som er Os sin neste motstandar. Os ligg på niandeplass.




Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut