Ein time trening og ein time stell og kos blir det på Anne Mathilde Reimer Haga og Burtons Baya kvar dag.
Ein time trening og ein time stell og kos blir det på Anne Mathilde Reimer Haga og Burtons Baya kvar dag.

Jenta med ponnien siktar seg inn på landslaget

Anne Mathilde Reimer Haga (14) og ponnien Burtons Baya haustar frukter av trening, tillit og gjensidig respekt.

– Når eg kjem gåande mot stallen og ho vrinskar, kan eg høyra om ho har ein god dag eller ikkje. Ho merkar det same med meg, seier Anne Mathilde.

Sta – men fantastisk

Osingen har fått eit tett forhold til hoppa Burtons Baya. Dei to konkurrerer saman i dressur. Dei to trefte kvarandre for litt over eitt år sidan, og har utvikla tette band.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi må ha tillit og respekt for kvarandre for å kunna prestera i konkurranse. Eg brukar mykje tid med ho. Før konkurransar flettar eg ho og tek på bandasje, før går vi ein tur på 15 minutt og varmar opp i tre kvarter. Vi går rett frå oppvarming og inn på banen for å tevla, seier Anne Mathilde.

– Korleis er personlegdomen til Bortons Baya?

– Ho er sta, men ho har ein fantastisk personlegdom, seier Anne Mathilde.

Dorthe, mor til Anne Mathilde og matmor til Baya, har tru på at duoen kan oppnå målet med landslagsplass.
Dorthe, mor til Anne Mathilde og matmor til Baya, har tru på at duoen kan oppnå målet med landslagsplass.
For å få resultat, er det viktig med respekt og tillit. Då er det ikkje berre trening som er viktig, men også omsorg og leik.
For å få resultat, er det viktig med respekt og tillit. Då er det ikkje berre trening som er viktig, men også omsorg og leik.
Etter fleire sterke prestasjonar i ulike stemne, går Anne Mathilde og Baya for tilsvarande i NM i august.
Etter fleire sterke prestasjonar i ulike stemne, går Anne Mathilde og Baya for tilsvarande i NM i august.

– Dei seier at dei hestane som er vanskelegast å ha med å gjera, er hopper, eller raude i manken, eller har kvite sokkar. Baya er ei hoppe og ho har raud manke og kvite sokkar, seier mora til Anne Mathilde, Dorthe Reimer Haga, og ler.

Kjempa seg tilbake

Då underteikna først såg Baya, tenkte eg at det er ein hest, så eg blei litt forvirra då dei stadig snakka om at Anne Mathilde tevla med ponnien sin.

– Det er nok ikkje alle som veit at det er ein ponni heilt til dei måler 149 cm eller meir frå ryggen og ned til bakken. Eg forstår godt at du tenkte at Baya er ein hest, seier Dorthe og smiler.

Det er fire kategoriar ein kan tevla i, og dei er rangert som 4,3,2 og 1. Anne Mathilde tevlar i sistnemnde, grunna storleiken til Baya. Dei to gjer det godt saman også. På stemne i Haugesund i april, tok dei heim ein 1. plass og ein 2. plass i dei to tevlingane. I slutten av mai, reiste dei til Hønefoss og tok del i eit lands-/elite-stemne.

– Det gjekk ikkje heilt etter forventingane. Det var ein heilt ny stad. Det var også varmt og mange gode konkurrentar. Laurdag kom eg heilt sist av tolv startande. Eg hadde mest lyst til å gje opp, seier 14-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det gjorde ho ikkje, og søndagen presterte ho på eit heilt anna nivå.

– Det blei ein tredjeplass, noko eg er veldig nøgd med, seier ho.

– Ein ting er at ho kom på pallen, men den store prestasjonen er å klara å psyka seg opp etter den første dagen. Det gjekk over all forventing. Det vart stort av ho, seier Dorthe.

Tette band til søstera

– Kva var det som gjorde at du fekk lyst til å konkurrera i dressur?

– Eg har ridd og drive med hest sidan eg var seks år gamal. Det var først i 2016 at eg fekk lyst til å satsa på å koma meg til NM. Eg er inspirert og ser opp til storesøstera mi, Trine (27).

Storesøstera er 13 år eldre, og har levert imponerande resultat. Med sin førre hest, som dei diverre måtte avliva, vann ho stort sett det som var å vinna.

– Ved at begge satsar, inspirerer dei kvarandre. Dei hadde eit godt forhold frå før av, men er blitt endå tettare dei siste par åra, seier Dorthe.

Neste gang Anne Mathilde og Burtons Baya skal tevla, er i NM i august. Då skal dei tilbake til Hønefoss.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er godt at Anne Mathilde fekk med seg stemnet som var i Hønefoss no, for då er både ho og Baya kjend med plassen, seier Dorthe.

Brukar alle musklane

– Kva er målet på sikt?

– Eg har eit mål om å koma på landslaget og tevla i EM, fortel Anne Mathilde.

– Korleis har du tenkt å nå målet?

– Vi må trena, trena og trena. At eg verkeleg brenn for dette og kosar meg, er også viktig. Elles hadde det ikkje vore noko vits i å trena. Då hadde eg ikkje fått resultat, seier ho.

Nett no trenar dei ein time kvar dag, og kroppen får køyrd seg. Storesøster Trine fortel at det er lite som gjev så god trening som å driva med hest.

– Det er nok ein av dei få idrettane kor ein brukar absolutt alle musklane i heile kroppen, og ein må tenkja heile tida – for ikkje å koma ut av programmet ein skal gjennomføra, seier ho.

Treningsleir i Danmark

Før NM i august, ventar treningsleir i Danmark, saman med ein svært dyktig dansk trenar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bo Høstrup kjem til Lysefjorden ei helg i månaden og annan kvar måndag og har ridetrening. Han er svært dyktig og tevlar på høgt nivå sjølv. Sommarferien vår går til Danmark, der Bo skal trena både Trine og Anne Mathilde, og dei skal ta del i eit stemne, fortel Dorthe.

– Korleis er det å ha to døtrer som er aktive i ein sport som vel ikkje er billig å konkurrera i?

– Nei, du kan så seia. Det blir fort dyrt å reisa på tevlingar. Ein skal dekkja reiseutgifter, mat og opphald for både oss og dyra. Det å ha hest i seg sjølv kostar også. Vi er på utkikk etter sponsorar, om det er nokon som ønskjer å bidra, seier ho og smiler.