Ørjan Sandal gjorde store ting med Lysekloster. No skal han gjera store ting med naboklubben Os.
Ørjan Sandal gjorde store ting med Lysekloster. No skal han gjera store ting med naboklubben Os.

Klar for Os

Ørjan Sandal har åtte år bak seg i Lysekloster. No skal han i gang med eit spanande prosjekt i Os Fotball, og Sandal har store planar.

Ørjan Sandal har ein stor del av æra for at Lysekloster IL i dag er blitt eit kjent namn i norsk fotballsamanheng. Han kom til klubben vinteren 2008/2009, og var saman med broren Thomas med på eventyret frå 7. divisjon til 2. divisjon, før han valde å satsa på fotballskule-draumen på Mallorca. No har han fått fotballskulen Camp Mallorca opp og gå, og har høve til å bruka meir tid andre stader. Valet fall på Os, der han skal vera trenar for Os G16 i tillegg til å ha ansvar for spelarutvikling. Sandal skal også vera involvert i spanande ting som skjer på jentesida.

– Eg kjem til å ha hovudansvar for G16-laget. Eg kjem også til å ha spelarutvikling for ungdomsgruppa (13-16 år), og inn i barnefotballen. Visjonen er at Os skal bli utruleg gode på spelarutvikling, seier Sandal og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir heilt nytt i forhold til det som er gjort med tanke på spelarutvikling i klubben tidlegare. Vi skal leggja til rette for dei som vil gjera meir enn ein del, og dei som vil gjera absolutt alt dei kan for å bli så gode som mogleg. I tillegg skal dei læra å bruka hovudet og tenkja meir, slik ein jobbar med i spansk spelarutvikling. Det vil bli eit veldig fokus på konsentrasjon og kvalitet, som er område der vi har enomrt mykje å læra frå spanske spelarar.

Ser fram til å starta

Unge fotballspelarar som har verkeleg høge ambisjonar vil få hjelp med tilrettelegging og få ein struktur i kvardagen, slik at alt blir optimalisert med tanke på utvikling i kombinasjon med skule.

– Dei vil også få hjelp til å setja opp treningsplanlegging og oppfølging på eigentrening. Vil ein bli gpd, skal ein få hjelp til alt som krevst for å bli god, seier Sandal.

Born i klubben skal få trening som dei ikkje får no, men som Sandal meiner at dei burde ha hatt.

– Vi legg til rette for eit så godt opplegg for unge fotballspelarar som mogleg. Det er mykje som vi treng og bør læra borna i ung alder, som vi ikkje gjer i dag, seier han.

– Er det litt spesielt å bli trenar for Os med tanke på fartstida di i rivalklubben Lysekloster?

– På ein måte er det litt spesielt, men eigentleg ikkje. Det hadde vore annleis om eg skulle vera hovudtrenar for A-laget, og vi spelte i same divisjon, men slik er det jo ikkje. Ungane mine spurde om vi framleis heiar på Lysekloster, og eg svara at sjølvsagt gjer vi det. Dei er oppvaksen med at Lysekloster er det viktigaste på jord, så vi kjem til å sjå kampar der både når dei spelar i 3. divisjon, 2. divisjon og i 1. divisjon.

– Var det Os som tok kontakt med deg om jobben?

Artikkelen held fram under annonsen.

– I haust hadde eg fleire Os-spelarar og trenarar på fotballskulen i Spania. Det har sidan vore litt formidling fram og tilbake, og så har vi enda opp her, seier Sandal som ser fram til å ta til i den nye jobben på nyåret.