Jonas Kvam er ein av 15 spelarar som skal på talentsamling i Bærum i april.
Jonas Kvam er ein av 15 spelarar som skal på talentsamling i Bærum i april.

Klar for talentsamling

Jonas Kvam (13) satsar som fotballspelar. I april skal Lysekloster-spelaren reisa til Bærum saman med 14 andre talent frå Hordaland.

I tillegg til Kvam, er Os-spelarane Sebastian Plätzer og Martin Hunnes også ein del av troppen. Lysekloster IL har gjort eit intervju med Kvam på heimesida til klubben. Der seier Jonas at han er glad for å ha blitt kalla opp til samlinga.

– Det blir eit par dagar kor vi skal bu på hotell, trena og spela kampar. Vi skal spela i Brann-drakter, sjølv om eg føretrekkjer å spela i Lysekloster-drakt.

Artikkelen held fram under annonsen.

I den same saka fortel Kvam at han er nøye på å trena rett, og at han har fokus på å restituera, eta rett og å få nok søvn.

Sportsleg leiar Svein Kollen, meiner at det er fullt fortent at Jonas kjem med på ei slik samling.

– Eg ser Jonas sparka ball oftare enn nokon andre her på banen. Anten det er med kompisane eller på eiga hand. Han set eit godt eksempel for andre ambisiøse spelarar som ønskjer å nå langt, seier Kollen til Lysekloster.no.

Fleire samlingar

Hausten spelarane fyller tolv år, kan klubbane melda inn til kretsen dei som dei meiner er talentfulle.

– Satsinga starta i fjor, fortel spelar- og trenar utviklar i NFF Hordaland, Petter Johan Pettersen og held fram:

– Toppklubbane får pengar til satsing. Dette er eit nasjonalt tiltak. Brann har ikkje sitt eige G-13-lag, men dei har sjølvsagt eit ønskje om å utvikla og å satsa på dei unge. Det er Brann som står for gildet. Troppen som skal representera Hordaland er valt ut frå ei gruppe som starta med godt over 400 spelarar.

Vidare fortel Pettersen at det nok er spelarar som hadde fortent å vera med på samlinga, men som ikkje kom med.

– Det er nok nokre som var med på førre samling, som gjorde det bra, og som hadde fortent å vera med no også, men vi rullerer slik at fleire får vist seg fram. Dette er ikkje eit krinslag. Vi held framleis på med å kartleggja, for det er heilt sikkert nokre talentfulle fotballspelarar som vi ikkje har fått med oss. Dei som er med på samlinga i Bærum er talentfulle og har gode sjansar til å koma med på krinslaget.