Rafael Villen Villen skåra to av måla mot Austevoll i kveldens kvalifiseringskamp til NM.
Rafael Villen Villen skåra to av måla mot Austevoll i kveldens kvalifiseringskamp til NM.

Klare for NM etter overlegen siger

Os vann 4–0 over Austevoll i kveld. Dermed greidde laget å kvalifisera seg til NM.

Os møtte Austevoll på Austevoll kunstgrasbane i den andre og siste kvalifiseringskampen til NM i ettermiddag. Sjølv om osingane, ifølgje trenar Karl Kvile, dominerte kampen frå start, var stillinga 0–0 til pause.

– Vi er veldig overlegne, og spelar stort sett mot eitt mål i begge omgangane, men Austevoll forsvarer seg godt i første. Dei stengjer romma, og gjer det vanskeleg for oss. Vi klarer ikkje å skapa så veldig mykje, men har nokre sjansar som vi burde ha skåra på. Omgangen vert prega av unøyaktig pasningsspel og lite trøkk i duellane, oppsummerer Kvile.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ingen tordentale

Heldigvis klarer osingane å korrigera spelet i løpet av pausen. Og når Mats Cato Moldskred skårer på straffe tidleg i første omgang, løsnar det.

– Spelarane tok sjølv tak i det som var gale i pausen. Dei hadde full forståing for kva som måtte til for at spelet skulle bli betre. Eg heldt ingen tordentale, men vi måtte korrigera oss litt, seier Kvile og legg til:

– Vi vinn heilt fortent. Det trur eg alle som såg kampen kan vera samde med oss i.

I tillegg til straffemålet til Moldskred, sytte Rafael Villen Villen for to skåringar til gjestene, som for anledninga var kledd i blått, medan Torgeir Lunde skåra eitt.

Den første runden i NM finn etter alle solemerkje stad i løpet av april. Om det vert heimekamp, slik trenar Kvile håpar, er enno ikkje klart.

– Vi har spelt to bortekampar no, seier han og siktar til den første kvalifiseringskampen mot Stord 25. mars.

Kvile gler seg til å leia osingane vidare i NM, og i sesongen for øvrig. Trenaren meiner laget har mange gode kvalitetar som vert viktige i tida som kjem.

– Haldninga i gruppa er god. Dei veit kva som krevst av arbeidsinnsats. Sjølv om det vert litt unøyaktigheiter innimellom, står det ikkje på innsatsen. Den er formidabel, seier trenaren og karakterisere laget som ein ærleg gjeng.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Spelarane jobbar, står på og sliter. Dei gjev seg ikkje før dei får det slik dei vil ha det, seier han.

camilla.kvamme@osogfusa.no