Espen Birkeland og resten av Lysekloster-laget skal få bryna seg på Brann i Noregsmeisterskapen i fotball.
Espen Birkeland og resten av Lysekloster-laget skal få bryna seg på Brann i Noregsmeisterskapen i fotball.

Klart for folkefest i Lysefjorden

Lysekloster får storfint besøk i andre runde i Noregsmeisterskapen, for då kjem Sportsklubben Brann til Lysefjorden.

– Det er kjempekjekt å møta Brann. Eg har uansett ikkje bestilt hotellrom i Oslo til cupfinalen, seier sportssjef i Lysekloster, Svein Kollen, og smiler.

– Det blir storfest. Slik det ser ut no blir oppgjeret spelt dagen før «himmelspretten». Det passar fint, for då har folk fri dagen etter, seier Kollen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lovar motstand

Sportssjefen seier at Brann i ni av ti tilfelle skal slå Lysekloster, men kamp skal dei få.

– Vi kjem sjølvsagt til å stilla med våre elleve beste.

– Håpar de å møta eit toppa eller eit reserveprega Brann-lag?

– Dei får koma med det dei kjem med. Det ofrar eg ikkje ein tanke. Vi kjem uansett til å stilla med det beste vi kan. Noko anna ville vore eit hån mot publikum. Motstand skal dei få, seier Kollen.

I 2015 var det Os som fekk bergensarane på besøk. Den kampen enda 6-1 til dei raudkledde. Lysekloster møtte Sogndal det same året. Då tapte munkane 5-1.