I slutten av mars spelar Noreg sitt U21-landslag mot Finland og Russland på Marbella. I troppen er tidlegare Os-spelar og osing, Ole Martin Kolskogen.
I slutten av mars spelar Noreg sitt U21-landslag mot Finland og Russland på Marbella. I troppen er tidlegare Os-spelar og osing, Ole Martin Kolskogen.

Kolskogen debuterer på U21-landslaget

Osing Ole Martin Kolskogen er med i U21-troppen som skal spela mot Finland og Russland i slutten av mars.

Det vart klart då trenar for U21-landslaget, Leif Gunnar Smerud, presenterte laget tysdag.

Uttaket ber ifølgje Bergens Tidende preg av mange unge spelarar. Årsaka er mellom anna at Noregs U20-lag skal til VM.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forutan Kolskogen, som spelar for Åsane, er det tre andre hordalendingar i troppen, deriblant Einar Iversen frå Stord. Begge er fødd i 2001.

– Vi hadde trong for spelarar i posisjonane der Kolskogen og Iversen spelar. Eg har sett dei i G18-EM, der laget gjorde ein flott innsats, seier Smerud til avisa.

– Stor anerkjenning

Sjølv syntest Kolskogen det var utruleg kult å få beskjeden frå landslagstrenaren måndag.

– Planen er å halda fram med å spela for G18-landslaget, sjølv om eg no får prøva meg i lag med spelarar som er nokre alderstrinn over, seier ungguten, som meiner uttaket er ei stor anerkjenning av innsatsen han legg ned.

U21-landslaget si EM-kvalifisering startar heime mot Kypros i september. I Noreg si kvalifiseringsgruppe finn ein også Portugal, Nederland, Hviterussland og Gibraltar.

camilla.kvamme@osogfusa.no