Ole Martin Kolskogen spelte heile kampen for Noreg sitt G17-lag då dei sikra EM-billetten med 3-0-siger over Hellas i går.
Ole Martin Kolskogen spelte heile kampen for Noreg sitt G17-lag då dei sikra EM-billetten med 3-0-siger over Hellas i går.

Kolskogen er klar for EM

Ole Martin Kolskogen (17) spelte heile kampen då Noreg sitt G17-lag kvalifiserte seg til EM i går.

Noreg var i gruppe med Tyskland, Hellas og Skottland. I den første kampen spelte Noreg uavgjort mot Tyskland. Kampen mot Skottland vann Noreg 2-1, og i går køyrde Kolskogen og lagkameratane over Hellas i ein kamp dei til slutt vann 3–0. Då Tyskland tapte mot Skottland, sikra Norge EM-billetten som gruppevinnarar.

Kampen mot Hellas var Kolskogen sin femte G17-kamp. Etter at moderklubben Os rykte ned til 4. divisjon i fjor, ønskte Kolskogen å sjå etter nye utfordringar. Han signerte for Åsane, som skal spela i OBOS-ligaen i år. Osingen verkar å ha imponert stort sidan klubbskifte, for han fått mykje tillit på A-laget i treningskampane i vinter. Bergensavisen skriv at han har vore tilnærma fast i den bakre trearen i oppkøyringa.