No skal Os-trenar John Ole Johannessen og spelarane ut og eta på Egon. I morgon ventar finale i Norway Cup.
No skal Os-trenar John Ole Johannessen og spelarane ut og eta på Egon. I morgon ventar finale i Norway Cup.

– Kom dykk til Oslo, osingar!

Os G17 i NC-finale: Os-trenar John Ole Johannessen ber osingane koma seg til Oslo for å heia fram Os-gutane i Norway Cup finalen laurdag.

– Det er ei god kjensle å vera trenar for eit lag som har kome seg til finalen i den største fotballturneringa i verda, seier John Ole Johannessen og legg til:

– Det skal seiast at det ligg mange år med hard jobbing bak dette, lenge før eg kom inn i biletet. Det er andre som har lagt grunnlaget. Det er kjekt å få vidareføra ein så velfungerande 2000- og 2001-gjeng.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klubben spanderer middag

Tidlegare i dag blei Os G17 klare for finalen i Norway Cup etter å ha knust Kolbotn 4-0 i semifinalen.

Spelarane er i skrivande stund på romma sine og dusjar og slappar av. Snart skal dei eta middag på Egon.

– Vi skal eta på klubbens rekning, seier Johannessen.

– Vel fortent!

– Ja, det vil eg seia, seier Johannessen.

Fokus på seg sjølve

I morgon ventar frukost og taktikkmøte. Dei har god tid på seg før finalen startar klokka 15.50 på Ekeberg.

– Vi skal ha taktikkmøte. Det har vi før kvar einaste kamp. Der går vi gjennom kven vi møter, og kva som er deira sterke sider. Vi seier ifrå til spelarane om motstandarane har nokre spelarar som er utruleg gode, noko anna ville vore dårleg gjort, men mest av alt snakkar vi om kva vi står for. Vi har mest fokus på oss sjølve. Det er viktigare enn å fokusera på andre, seier Johannessen, som ikkje sjølv har så god oversikt over morgondagens motstandar, Stord.

– Men det har mange av foreldra, så når kampen kjem skal vi vera klare for dei, seier Johannessen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Heile laget ser ut til å vera klare til finalen i morgon.

– Vi har klart å halde oss unna dumme karantenar, og Kristoffer Røttingen som har slite med ei vond ankel, ser ut til å bli klar han også. Då er alle klare til kamp. Kom dykk til Oslo, osingar!

Dei som ikkje har høve til å ta turen til Oslo, kan sjå kampen på TV.

– Eg har fått e-post frå TV 2 med mange ulike skjema som vi må fylla ut. Dei skal ha informasjon om alle spelarane, veit du. Sist eg gjorde dette blei eg sittande til klokka 03.30 om natta. Det er ikkje aktuelt i dag, så eg får mykje hjelp, seier Johannessen og smiler.