Med ei flott skåring av Rune Johan Åsheim Mo i det 19. minuttet, kunne Lysekloster reisa heim frå Åstveit idrettspark med tre poeng i bagasjen.
Med ei flott skåring av Rune Johan Åsheim Mo i det 19. minuttet, kunne Lysekloster reisa heim frå Åstveit idrettspark med tre poeng i bagasjen.

Kraftprøve i varmen, men sikra tre poeng

Lysekloster kunne reisa heim frå Åstveit idrettspark i ettermiddag med tre nye poeng. – Deilig, seier trenar Ruben Hetlevik.

Kampens einaste skåring kom etter 19 minutt, og vart plassert trygt, og godt i nettmaskane av Rune Johan Åsheim Mo.

– Vi fekk frispark på hjørnet av 16-meteren kring 20 meter frå mål. Rune skaut over muren og ned i hjørnet på målet. Det var ei flott skåring, seier Hetlevik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lysekloster møtte ifølgje trenaren eit godt organisert Tertnes. Elles var sydentemperaturane kanskje det som skapte størst utfordringar, for begge lag.

– Det var ein kraftprøve av ein kamp. Banen var akkurat som ei gryte. Det var tørt og kanskje opp mot 40 grader, seier Hetlevik og legg til:

– Varmen fører til at vi gjer litt fleire feil og det er litt tyngre å løpa. Det går rett og slett litt treigare enn det ville ha gjort dersom gradestokken viste 15 grader mindre. Men det er likt for begge lag, og heldigvis klarte vi å kjempa oss gjennom på ein betre måte enn Tertnes, og kan reisa heim med tre poeng.

Laurdag møter Lysekloster Brodd på Lysekloster Framo Idrettspark. Det vert ein spennande kamp, trur Hetlevik.

– Brodd har hatt ein veldig god start på sesongen. Vi har ikkje møtt dei før, så eg er spent på kampen. Det blir kjekt å spela toppkamp på heimebane, seier Lysekloster-trenaren.

camilla.kvamme@osogfusa.no